søndag 16. september 2018

Votter - Tine melk

Dette mønsteret fekk eg frå ei 
som har tilknytning til Tine meieri.
Ho veit eg driv å strikker votter,
og at eg er interessert i mønster,
 av mange forskjellige typer,
og frå alle plasser i landet/verda.
Mønsteret har venta ei stund,
i "skal strikke skuffa".
Eg har valgt å strikke 
røde heilmelks votter.
 mønsteret er i utgangspunktet ikkje vanskeleg,
men denne gongen følte eg at det vart ujamt,
- kanskje fordi eg strikka med tjukkare pinner ei stund.
 etter mi meining er stykket før tommel for langt,
 votten etter tommel blei litt i det kortaste.
Dette er notert,
så om eg kjem på eg skal strikke fleire par,
så vil eg flytte opning til tommel,
nokre omganger tidlegare i diagrammet.
Eit nytt par er på vei til kassen med vottesamlinga mi 

søndag 9. september 2018

Votter og sokker - Marius møter kvikk lunsj

Med marius sokkemønster,
og eit foto frå internet,
som utgangspunkt,
vart det slike votter og
til samlinga mi.
Som vanlig, ligg eg nokre år etter i tid,
eg veit ikkje eingong om kvikklunsjmønsteret
er i bruk i dag og....
men det var nå eg var klar for dette...
 Garn: Pt 5 sport
pinner nr 3
 eg måtte jo selvfølgelig ha eit par sokker og...
det var jo eit sokkemønster eg hadde framfor meg,
og då var det fort gjort å starte på sokker og...
om du lurer på kva vottesamlinga mi er,
så sette eg meg eit mål for nokre år sidan,
eg skulle bruke restegarn,
og strikke så mange par som mulig på 1 år.
Eg fann og fekk så mange fine mønster,
at eg kom ikkje gjennom meir enn ein liten del første året.
Eg har etterpå teke år for år,
men har nå bestemt meg for,
at eg skal ha 100 ulike par i kassen
før eg gir meg...
Har ikkje heilt oversikten,
men har nok rundt 65 par der til nå.
Vel, må nok bare innrømma 
at det er ikkje bare restegarn som er brukt på den saminga...
- kanskje har restegarnslageret auka litt undervegs :D :D :D
Ha ein fin dag der du er.

torsdag 30. august 2018

Jakt - pilke - foto votter

- eller til bruk for personal i barnehage/SFO
Bestillinga var på votter som ein slapp å ta,
når ein skulle knytte skolisser 
eller hjelpa barna i SFO med andre ting.
 Votter har eg strikka mangfoldige par av,
ja, puslvarmere og,
men dette var nytt for meg.
Eg la hovudet i bløyt,
og fann ut korleis eg tenkte det skulle bli.
Eg brukte eit par votter som mal,
og prøvde meg fram.
 dette første paret ser forsåvidt ok ut,
men overlappinga er noko kort.
Delene glir litt frå kvarandre,
men er likvevel fullt brukande.
 eg endra litt på maskeantall og lengde på vott og topp
og eg vart mykje meir fornøgd med resultatet.
 eg strikka først votten,
og deretter hekla eg opp masker på utsida, til toppen
på innsida av vottane la eg opp nye masker.
 når eg først var i gang,
så vart det fleire par...
samtidig kunne eg rette på det mønsteret
 eg laga meg undervegs.
 bestillinga var med heil tommel,
men når eg først skulle prøva dette og laga mi eiga oppskrift,
så vart det og tommel med opning.
(noko som var populært hos mottaker)
 for at eg ikkje skulle leggje restegarn tilbake
 i Pt 5 sport korga,
så strikka eg eit par barnehagevotter...
Garn Pt5 sport
pinner 2,5

tirsdag 7. august 2018

Lett feriestrikk - barnevotter Sør-Varanger

Det er greitt å ha med noko enkelt,
når ein er på ferie.
Mønsteret på vottane er lett å læra,
og går snart av seg sjølv
 Pt 5 sport og pinner 2,5
str 2/3 år
 hadde nokre smårester,
som eg ikkje ville leggje tilbake i restekorga....
brukte same grunnoppskrift,
men laga striper
nå er det på tide å finne fram andre og større ting...

fredag 29. juni 2018

Genser Lothepus Rogdo - ein liten utfordring...

Feil i mønster,
ein anneledes måte å strikka genser på
og 3 ulike mønsterrapporter/fletter, 
gjorde det heile til eit lite pusslespel før eg kom i gang.
Når eg først hadde funne ut: 
korleis det var tenkt at det skulle gjerast, 
telt meg fram til antal masker i kvar rapport,
funne ut kva vei alle flettene skulle gå (feil i mønster)
samt funne ut av aukinga etter vrangborder,
ja, då gjekk det i grunnen ganske greit.
 det gjekk greitt å montere dei ulike delene
genser klar til levering
 (knapper skal mottaker ordne sjølv,)
eg har sagt sidan eg starta,
 ikkje ein til av dette slaget...
På ei anna side,
nå veit eg korleis eg skal gå fram,
så om ei tid,
 er det ikkje sikkert eg lenger seier det same..
ein veit jo aldri kva framtida vil bringe.

søndag 3. juni 2018

Votter med tradisjonelt mønster fra Jukkasjärvi/Cohkkiras

Det siste paret av denne typen votter,
- for denne gong....
Votter fra Jukkasjärvi med grøn bunnfarge
Hearvafàhcat - finvotter, markedsvotter, kyrkjevotter
 Akkurat som arbeidsvotter hadde finvotter,
 alltid en snor til å binde paret sammen med - og gjerne en dusk.
 Selv om en viss tradisjon blir fulgt, 
strikkes sjelden to par votter helt like.
Vottene er bygd opp av ulike mønstrede border.
Karakteristisk for mange votter frå Jukkasjärviområdet
 er en tydelig bunnfarge.
Grønne som disse, men også ofte røde - eller blå.
Garn: Siessà fra Stoorstålka
pinner 2,5
Eg tykkjer dette garnet godt og lett og strikke med.

søndag 27. mai 2018

Markedsvotter fra Jåhkåmåhkke/Jokkmokk

De vakre vottane er finvotter; høgtidsvotter.
På lulesamisk sier man ofte 
Mässfàhtsa - votter brukt til messe i kyrkja.
 Det er ikke uvanlig at votter bytter eigere, 
at vottene først blir brukt av en mann,
senere en kvinne i familien
 åttebladsrosen eller stjernen,
er brukt i hele Norrbotten,
Åttebladsrosen finns på votter over hele verden,
der strikketeknikken er kjent,
også på votter fra Sàpmi
den har kanskje vært særlig godt likt i Jokmokkområdet
Det finns mange varianter,
med et slikt mønster,
både med og uten smønsterstriper mellom rosene.
Farger og mønsterstriper varierer.
(oversett fra svensk)
 på desse er rosa berre å framsida av tommelen,
men ein kan velgja å strikke rose på baksida og.
Garn; Siessà - sekstråds kamgarn i 100% ren ull
pinner: 2