Viser innlegg med etiketten bronnhuse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bronnhuse. Vis alle innlegg

lørdag 19. august 2023

Bronnhuse - utstilling og salg

I vår kunne eg innrede mitt handarbeidsrom.
Dyra i fjoset er borte,
og melketankromet tomt.
Fjoset er laga om til vinterlagring for gamle biler og traktorer,
men bronnhuse vart ikkje brukt.
Eg kom på tanken om få min eigen plass,
til vottesamlinga og anna ferdig produsert handarbeid.
Litt vasking og maling måtte til.
Golv, vegger og tak er prega av alder og bruk,
men skeive golv og andre "småsår" gir romet sjel.

Litt etter litt har gamle handarbeid/plagg funne veien ut av skuffer og skap

morro å ta fram ting ein laga for mange år tilbake
slike bilete var vel nokså populære på 1970 talet
i "salgsavdelinga" finn ein gensere, sokker, votter

her er "marius" godt representert
sydde pannebånd mm
pusslespel laga med eigne bilete som motiv
hekser til Halloween
huer og grytekluter
votteveggen med ca 155 par ulike votter
Eit prosjekt eg starta med for nokre år sidan,
som seinare har blitt meir og meir spande å halde på med.

Eg hadde ein periode tenkt å slutte av når eg kom til eit visst antal,
men stadig nye mønster finn veien hit.
Av og til kjøper eg eit nytt mønster, 
andre får eg frå andre som gir av sine oppskrifter,
andre samler frå ukeblad mm
Morro at så mange har lyst å bidra til større vottesamling.
nisseproduksjonen er såvidt i gang,
snart får nissane og flytte ut i Bronnhuse
Her er strikkekaffe sånn ca 1 gong pr månad.
Elles er mange innom for å sjå på vottane og alt det andre.
Mange mimrer tilbake til sine gamle handarbeid
I neste månad kjem husflidslaget på besøk,
då får eg mulighet til vise fram vottane,
samt å dele ting er har lært på min "vottevei"
innan historie, garn, teknikker, mønster og geografi.
Eit rom eg har mykje glede av.
 

mandag 16. januar 2023

Mitt nye rom for handarbeid, Bronnhuse (melketanktrommet)

Endeleg har eg fått min plass,
til å ha handarbeid i.
Det gamle bronnhuse/melketankrommet er ikkje lenger i bruk,
Eg har nå gjort det om,
og  vil bruke det til utstilling, litt salg og opphalds/bruksrom., 
Det første som kom på plass,
var votteveggen, med ca 150 ulike vottepar.
Desse er kun til utstilling,
og det vil kome til fleire par etter kvart.
Eg har ennå ubrukte mønster på vent.
Brukte plagg eg har strikka,
skal og få sin plass
Når eg fann fram nye plagg frå skuffer og skap,
så hadde eg meir enn eg var klar over.... :D
desse er nå lagt fram for salg.
Votter og sokker
gensere til barn
huer

dotter mi har og litt som er for salg
votter og sokker
Tanken er å bruke rommet sjølv,
eller i lag med andre - stikkekafe er eit alternativ.
Eg har og tenkt at dersom det er interesse for det,
så kan folk kome innom og sjå på vottane,
åleine eller i grupper.
Eg har og tenkt tanken om å fortelje litt om vottane,
det er historier bak mange av dei.
Dette har vore ei reise i geografi, historie, teknikker og garntyper.