onsdag 26. desember 2012

Votter med mønster

I det siste har det vore lite utevær,
med snøstorm, kuling og regn ute, har det frista meir til å bli verande inne.
Då har strikkepinnnane vore i stor aktivitet....
På bestilling har eg spøta nokre votter.
Eg har brukt Pt 5 sport og pinner nr 3,
og mønsteret har eg funne i Pt design nr 82
  -det vart eit par til dame,
- og eit litt mindre i str 10 - 12 år
- det er i grunnen kjekt å strikka slike mønster....

onsdag 19. desember 2012

Nissemor har fått selskap av nissefar....

- som på nissemor har eg og her brukt fritidsgarn og pinner nr 6
 - kroppen til nissefar er klar til toving
 - far min er flink med dreiing og anna trearbeid,
han har laga passeleg "innmat" til nissane
-  nissefar og nissemor ferdig monterte....
- Dei ynskjer alle ei riktig GOD JUL!

onsdag 12. desember 2012

strikka og tova nissemor

Eg har brukt mønsterark nr 65, Sandnes Garn
Med fritidsgarn og pinner nr 6
vaks arbeidet ganske rask.
Nissemor sin kropp, klar til montering og toving
 - nase og armer/hender
 - nissemor er ferdig tova og montert - ferdig høyde er ca 80 cm
- snart får nissemor selskap av nissefar

søndag 2. desember 2012

ullbukse og sokker til baby

Ullbukser er gode plagg til å ha under kjeledress og regnklede.
Her har eg strikka med 2 rette og 2 vrange heile tida,
dermed vert det god strekk buksa, og ho "vokser" med barna.
Møsnteret eg har brukt er ein design av Kari Haugen,
 eg har brukt Baby Ull, Dalegarn og pinner nr 2,5.
- eg har strikka sokkar i to størrelser,
 slik at barnet har noko å "veksa i"

søndag 29. juli 2012

Genser med rundt bærestykke

Når dotterå ønska seg ein slik genser,
var det berre "å hiva seg rundt" og koma igang.
Det er lenge sidan eg har strikka til vaksne,
så eg rekna med å bruka litt tid,
men det gjekk mykje raskare enn forventa.
Mønsteret er frå Sandnes Garn.
Eg har brukt Smart garn og pinner nr 3,5.
Nå ligg genseren på vent. 
Snart skal han ut ei lang reise mot Nord Norge,
der han skal halde ein førskulelærar varm,
på kalde vinterdagar. 

lørdag 24. mars 2012

Baby sett

For eit par veker sidan kom eit nytt medlem av slekta, til verda.
Grandtante "måtte" då få fart på fingrane og laga noko til den vesle guten...
Det er lenge sidan eg har strikka sånne små plagg.
 Pinner nr 2,5 som skulle brukast på vrangborder vart litt lite for mine fingrar
og vart bytta til pinner nr 3
Mønsteret fann eg i VIKING GARN hefte 1101
og garnet er Viking baby ull

onsdag 7. mars 2012

to huer... og eit par sokker

Her har eg teke litt frå fleire mønster,
for å få til noko som passa til det garnet eg ville bruka.
 - rødt og oransje, kanskje litt like fargenyanser,
men samtidig litt anna enn det eg pleier å setja saman.
 eg har brukt Falk Dalegarn og pinner nr 3.
- for å få bruka opp restane av garnet strikka eg eit par barnesokker,
( og det vart ein pose restegarn mindre i skapet...)

søndag 26. februar 2012

Russesokker

To par russe sokker med ulikt mønster..
 - eg strikker inn ein tråd, der hælen skal vera
 - eg plukker opp maskane før eg dreg ut tråden,
eg plukker opp masken frå høgre sida
- i følge mønsteret skal dette vera ein damesokk, 
men den er nok meir passeleg til ein mann.. 
 - same type sokk med åtteblad roser... barnestørrelse
- eg har brukt Silja garn og pinner nr 3

lørdag 28. januar 2012

Norsk strikk med glittereffekt

- stod det i oppskrifta....
 - etter mi meining var mønsteret finare enn resultatet....
- eg har brukt Pt 5 garn og pinner nr 3.