Viser innlegg med etiketten Jorids julekalender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jorids julekalender. Vis alle innlegg

lørdag 11. desember 2021

Jorids julekalender 2021 - Jorids julestjerne

Jorid Lindvik har i år og,
laga julekalender med eit vottemønster.
Mønsteret vart offentleggjort i 5 deler,
med ei veke mellom kvar del.
Det er morro å strikke slik,
utan å vite resultatet på førehand.
Ein får i forkant tips om farger og pinnestr.
I ettertid har mønsteret fått navnet 
Jorids Julestjerne
Eg valgte meg eit tynt garn,
ãhkko, 100 % rein ull, frå Stoorstålka
 og pinner nr 2

Eit fint mønster,
som eg nok kjem til å bruke fleire gonger
 

søndag 13. desember 2020

Jorids julekalender 2020 Julerose

I julekalenderen får vi først litt informasjon om garn, pinner mm
Mønsteret blir offentleggjort litt etter litt,
med 1 vekes mellomrom.
Eg valgte å bruke Finull Pt 2, Rauma og pinner 2,5
Første del
2. del
3. del
Ferdige votter
litt maskesting i blomane,
- noko eg ikkje fekk til.
Eg strikker vanlegvis inn alle detaljer,
slik at eg unngår brodering i etterkant.
finast på avstand...

Votter Julerose 
er nå klar for lagring i min store samlekasse

mandag 2. desember 2019

Jorids julekalender 2019

I år igjen 
invitert til å bli med på julekalender:
"Snø et strikkeeventyr"
 mønsteret vert presentert
i deler.
Litt kvar veke, i 5 veker
Pt 5 sport
 blått og kvitt skulle det vera i år
Sportsgarn Vikinggarn
 mønsteret var lett å følge,
og eg prøvde meg på to par,
 i ulike garntyper og blåfarger
 I enden av prosjektet,
kan den son vil,
legge inn bilete hos Jorid.
Det blir trekt ut 10 deltakerne,
som får ein liten gave i posten
ein fin og gild julekalender
Takk til Jorid, som deler av sine design.

mandag 17. desember 2018

Votter Jorids julekalender 2018

Jorid har hatt julekalender
der me fekk mønsteret litt etter litt
del 1 - mansjett

del 2
del 3




 del 4
 og til sist var tommelen og på plass
 vottane kan brukast på begge hender,
forskjellen er kun at den ein votten har tekst på ein sida.
 Eg har brukt Vikinggarn sportsragg
- det var det eg hadde heime..
Skal eg strikke fleire par,
vil eg nok velgja eit garn som kan tovast,
då vottane er litt store..
Det var morro å strikke på måten..