torsdag 31. desember 2020

Godt Nytt År!


 Eg vil ynskja deg alt godt i det nye året.

fredag 25. desember 2020

Volvovotter

Votter med volvomerket på,
har eg lenge tenkt eg skulle strikke.
Har såvidt prøvd å lage diagram,
men har stadig lagt det vekk,
fordi andre ting skulle bli ferdig først.
Ein dag dukka slike opp,
på ei strikke side,
då var eg ikkje sein om å få mønsteret i hus.
Dette er eit design frå Brit Adolfsen, Strikke Brit.
på framsida er det mange ting som skjer,
og eg må  heile tida ha merke på kor eg er
innside vott har eit gjentakande mønster,
som ein etter kvart lærer seg utanat.
Her har eg brukt 3 tr. strikkegarn, Rauma
pinner nr 2,5.
Vottane vart ganske store,
så kanskje eit litt tynnare garn vil passe bedre.
Volvovotter måtte det bare bli,
når ein har ein mann med volvo som hobby,
aller helst skal det vera veteranbiler.

torsdag 24. desember 2020

Jul 2020


Eg vil ynskja alle
ei fredfull julehelg.
Ta vare på kvarandre.

  

 

søndag 20. desember 2020

Votter Juleglede

Oppskrifta til desse vottane,
kom saman med garn til votter og hue,
i strikkepakke frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Design: Kari Hestnes
Garn: Ask ullgarn, Hilesvåg ullvarefabrikk
Piner: 2,5
dei svarte maskane er strikka inn
Eit par votter,
som passer til tida vi er inne i nå.

tirsdag 15. desember 2020

Sokker og votter, Liverpool fotballklubb

Liverpoolsokker,
det stod på ønskelista til ein venn.
Eg leita litt og fann bilder/vottediagram
på pinterest
første paret vart ok,
- med nokre skjønnhetsfeil...
par nr 2
eg er nok meir fornøgd med desse
eg har brukt Viking sportsragg
og pinner nr 3
når eg først hadde vottediagram,
så måtte eg jo bare strikka eit par votter og
her brukte eg Rauma 3 tråds ullgarn

vottane skal rett i samlekassen
eit par sokker til ein venn
det 2. paret med sokker, 
finn nok og veien til ein Liverpoolfan

søndag 13. desember 2020

Jorids julekalender 2020 Julerose

I julekalenderen får vi først litt informasjon om garn, pinner mm
Mønsteret blir offentleggjort litt etter litt,
med 1 vekes mellomrom.
Eg valgte å bruke Finull Pt 2, Rauma og pinner 2,5
Første del
2. del
3. del
Ferdige votter
litt maskesting i blomane,
- noko eg ikkje fekk til.
Eg strikker vanlegvis inn alle detaljer,
slik at eg unngår brodering i etterkant.
finast på avstand...

Votter Julerose 
er nå klar for lagring i min store samlekasse

tirsdag 8. desember 2020

Kattefot sokker

Det som skulle bli eit par sokker til ein venn,
vart plutselig 9 par med ulike farger.
Det var morro å sjå at kattane vaks fram,
og stadig fann eg nye friske farger,
som eg "bare måtte" strikke med.
Eg trudde eg var ferdig med katteproduksjonen,
men når det vart spurt etter svart og grått,
så klarte eg ikkje å sei nei.....
Nå legg eg bort mønsteret for denne gongen..
Garn: Vikinggarn Sportsragg
mønsteret har eg funne i 
Familien 19/2020