tirsdag 29. september 2015

Votter 2015 Tova votter

Med "sjyvotten" som utgangspunkt
vart det denne gongen ein del tova vottepar i dame og herre størrelser
 - før og etter toving
 Garn: Pt 3 tovegarn og rester av Pt 5 eller ullgarn i mønsterborda
Pinner nr 5 (3,5 på mønsterborda)
- ein kan vel sei sei det slik,
at no er ein del av julegåvene klar til innpakking

torsdag 3. september 2015

Herregenser "Jæren"

Her har eg valgt å bruke Perfect, Sandnesgarn,
mest fordi genseren snart skal ut på ei lang reise,
og er usikker på kva forhold dei der har til vask av heimestrikka ullplagg.
Perfect tåler litt meir slitasje enn Smart/Per Gynt, som var garnforslag.
Pinner 2,5 og 3
 - at modellen er kalla "Jæren" 
oppdaga eg ikkje før eg var komen eit stykke opp på bolen, 
Det passer jo veldig bra,
at ein frå andre sida av "dammen" som besøker Norge og Jæren,
får med seg heim att 
genseren "Jæren" strikka på Jæren av ein Jærbu 
 - mønsteret fann i dette heftet