søndag 14. juli 2019

Vognteppe x 2

Eg fekk spørsmål om å strikke vognteppe,
lysblått og kvitt skulle det vera.
Valget falt på Putty vognteppe - Sandnesgarn.
 I følge mønsteret skal ein strikke rundt,
klippe opp og strikke rillekanter etterpå.
I mitt hovud vil det bli meirarbeid.
Sidan eg aldri bruker maskin på noko som helst strikk,
så strikka eg fram og tilbake - og rillekantane samtidig
Det lysblå teppet er strikka i Merino babyull frå Gjestal
Det blå i Babyull lanett, Sandnesgarn 
Pinne 3
Eit strikk som er lett å strikke på,
når ein er i lag med andre.

fredag 5. juli 2019

Genser og bukse med gravemaskin

 Bestemorgutten er ein liten arbeidsgutt
- maskiner og traktorer er tingen.
Genser og bukse med gravemaskiner er populært
 buksa fekk ein gravemaskin og to veisperringer bak
 og ein veisperring og to gravemaskiner framme
 mønsteret/ oppskrift til genseren 
har eg plukka litt her og der
eg har valgt å strikka i Silja garn 
som er slitesterkt  
- str 6 år
 bestemorgutten er nå klar for ein ny nordnorsk vinter