mandag 15. mars 2021

Rogalandsvotten også kalt glassrutemønster

Mønster til desse vottane,
fann eg på Haugalandsmuseet sine sider.
Mønsteret har nokre feil,
men er enkle få til likevel.
Eg har nok valgt litt feil farger,
då mønsteret ikkje blir heilt tydeleg,
med desse fargenyansane
eg har brukt rester av Ask, Hillesvåg ullvarefabrikk
pinner: 2,5.
vottane vart litt små til mine hender,
så ei anna gong vil eg nok velge litt tjukkare garn.

lørdag 6. mars 2021

Jærbu votter

Dette er eit design av Lene Olszeth.
Lene skriv:
Eit kjærleiksbrev til Jæren.
Eg bur ikkje lengre på Jæren,
men eg ber landskapet med meg.
Stor åpen himmel,
lange kyststrekningar
og steingard så langt auga ser.
Om våren lyttar eg etter vipa,
og sakner hans karakteristiske rop.
Dette mønsteret kom eg tilfeldigvis over,
medan eg leita etter andre ting på internett.
Votter med Vipe på,
det passer fint til tida vi er inne i no.
Garn: Ask, Hillesvåg ullvarefabrikk
pinner: 2,5
Votten er litt stor på handa,
og tommelen litt liten/kort.
Sidan eg er Jærbu,
er det morro å få desse vottane 
med i samlinga mi.