fredag 31. mars 2017

samiske votter

Det hender at halvferdige ting blir lagt til sides,
fordi andre ting må bli ferdig først.
Slik var det med dette votteparet.
Eg tok dei fram att for nokre dager sidan.
Eg hadde såvidt fått begynt på strikkinga,
då det tikka inn ein forespørsel etter nettop slike votter.
Litt usikker om ein skal kalle tilfeldigheter
 eller tankeoverføring...
 Det viser seg at dama skal bruke vottane 
saman med samekofta si.
Det er jo ei æra å bli spurt om eit slikt oppdrag.
Garn: Pt 5 sport
pinner: 2.5

fredag 24. mars 2017

Sikksakk skjørt

Det første skjørtet 
strikka eg som i oppskrifta,
men litt lenger på lengden
 skjørt nr 2 
 etter å ha fått tilbakemeldinger frå andre,
om at skjørtet vida seg ut 
og ikkje haldt seg på plass utan strikk,
så laga eg brettekant på dei neste skjørta
 eg strikka glattstrikk, like langt som vrangborda,
ein omgang vrangt,
deretter vrangbord som i mønster
 strikka dei siste og 6-8 cm lenger enn i mønsteret
Garn: Merinoull, Sandnesgarn
Pinner 3.5 og 4
til dame

onsdag 22. mars 2017

2 x marius

Tett i tett i strikkekorga har dei budd,
frå garn til genser,
deira dager saman er over.
No har dei skilt lag,
og er dei på veg som pakke i posten,
ein norover og ein sørover
 begge er strikka i 
Smart, Sandnesgarn
pinner 3 og 3,5
damestørrelser
morro med kjende mønster innimellom
som er raske å strikke...
nye prosjekt er allerede i pinnane..

lørdag 4. mars 2017

Babysett 0-3 mndr

Nok eit babysett er ferdig,
og nok eit prosjekt på bestillingslista er i havn.
Mønsteret er eit gratis mønster frå Spar Kjøp sin blogg.
 eg har strikka i babyull
kvitt og grått etter mottakers ønske.
pinner 2,5 og 3
 bestillinga var jakke, bukse, hue og sokker som i mønsteret.
eg hadde litt garn til overs 
 strikka fleire sokker
og votter
 gammeldokka som har hatt sin plass på loftet i ca 25 år,
fekk sjå dagens lys,
 og vera "petra prøvedokke"
settet er nå vaska og klar
for ei laaaang reise til den sørlege halvkule,
til New Zealand 
der kjem ein ny verdensborger til verda
sånn ein gong i mai...

fredag 3. mars 2017

Votter 2017 votter til dei aller minste

 Flettemønsteret til desse vottane 
fann i ei oppskrift til eit hentesett.
Der var ikkje mønster votter,
så medan eg arbeida med hentesettet,
såg eg for meg eit par alternativ for små votter.
Alternativ 1
eg har brukt flettemønsteret på heile votten
 alternativ 2
flettemønster opp til hullbord
deretter glattstrikk.
 eg har brukt babyull
og pinner nr 2,5
nå vert dei lagra i den store vottesamlinga mi,
saman med andre store og små votter
i mange farger og mønster...