lørdag 4. mars 2017

Babysett 0-3 mndr

Nok eit babysett er ferdig,
og nok eit prosjekt på bestillingslista er i havn.
Mønsteret er eit gratis mønster frå Spar Kjøp sin blogg.
 eg har strikka i babyull
kvitt og grått etter mottakers ønske.
pinner 2,5 og 3
 bestillinga var jakke, bukse, hue og sokker som i mønsteret.
eg hadde litt garn til overs 
 strikka fleire sokker
og votter
 gammeldokka som har hatt sin plass på loftet i ca 25 år,
fekk sjå dagens lys,
 og vera "petra prøvedokke"
settet er nå vaska og klar
for ei laaaang reise til den sørlege halvkule,
til New Zealand 
der kjem ein ny verdensborger til verda
sånn ein gong i mai...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar