fredag 26. november 2021

"Helle" genser

Nok eit plagg strikka av garn frå garnlageret
"helle" genser i str 3-4 år
Garn: Alpaca storm, Vikinggarn
Pinner 3 og 4
Dette er eit mønster frå Vikinggarn
Eg er ganske så fornøgd med meg sjølv,
å få brukt så mange nøster,
utan å kjøpe nytt garn.
Men i dag måtte eg bare handle litt,
eg fekk ei bestilling,
ikkje hadde eg rett garn,
og heller ikkje aktuelle farger..
Restegarnet spring ikkje vekk,
så det kan eg fortsette å strikke med,
 ei anna gong

søndag 21. november 2021

Frostrose votter

Eit @TonjeinOslo design
Eg starta med dei svarte vottane,
på pinne 2,5
Dei vart litt store,
så dei kvite strikka eg på pinne 2
Garn: Finullgarn, Rauma




Fine votter og ganske enkle å strikke,
for den som liker å strikke slike mønster.

onsdag 17. november 2021

"Sandnes" genser til barn og traktorvotter

Her går det fortsatt i minking av garnlageret..
I vår kjøpte eg 40 nøster med koksgrå Alpaca storm,
til eit større prosjekt,
som ikkje kan visast fram før etter jul.
Det var nokre nøster med koksgrå tilovers,
samt mønsterfarger.
Eg valgte største størrelsen eg kunne strikke
med dei nøstene eg hadde.
Det vart genser i str 8 år
pinner 3 og 4
 fortsatt var det litt garn igjen,
og eg strikka eit par traktorvotter i tillegg
str ca 4 år
av 40 nøster har eg nå kun denne vesle resten igjen...
det må eg sei meg godt fornøgd med..

torsdag 4. november 2021

Dino genser

Eg prøver å minke garnlageret,
og la opp til den største genseren
eg kunne få til
med det garnet eg hadde
det vart str 4 år
 Genseren er strikka i Alpaca Storm, Viking garn
pinner 3 og 4
Med så lite mønster og pinne 4
så gjekk fort det framover