søndag 17. september 2017

Votter 2017 Barnehagevotter

 Eg var nyleg nord i Finnmark på besøk.
Eg hadde med meg bestillte strikkeplagg,
til store og små.
Det vart fleire bestillinger,
og dette fekk barnebarnet med seg.
Ein morgon sat vi å snakka om å dra på garnhandel,
og kva garn som måtte til osv.
Veslegutt seier med eitt:
"Adrian vil og ha votter"
på spørsmål om farge så svara han grøne og blå.
2,5 åringen var med i butikken,
og tok ut fargane han ville ha.
det blå paret vart ferdig før vi drog heim att..
 vel heime gjekk produksjonen på høg-gir...
 eg kjøpte to nøster av kvar farge,
og hadde nok til 4 einsfarga par,
og eit stripete.
 Veslegutt fekk spørsmål 
om han ville ha grøne eller stripete votter.
Han var heilt klar: "Adrian vil ha grøne votter"
Garn: Pt5 sport
Pinner: 2,5

fredag 1. september 2017

Tanagenser

Det skal visst nok ikkje finnast mønster til Tanagenseren.
Dei som er i bruk er maskinstrikka.
Eg har set på bilete,
rekna og teikna
og funne fram til noko som eg trur vert tilnærma rett
 det ferdige resultatet har nok sine feil,
eg må nok rekne dette som ein prøvestrikking-genser 
 eg må bare ha ein prat med dei som kjenner til korleis det skal vera
rette opp feil,
og strikke ein ny
 alt er nedskreve,
så eg har laga meg eit slags mønster
feil eller ikkje feil,
genseren passa i allefall fint til veslegutt