mandag 18. desember 2023

Holiday Hearts votter

Dette er eit drops design, og gratismønster.
Har hatt mønsteret liggjande ei tid,
men skulle det bli før jul,
så måtte dei strikkast nå...
Garn: Alpaca liten Storm, Vikinggarn
Pinner; 2,5
Vottane vart litt små til mi hand.
Tommel ganske smal.
Tjukkare garn eller pinner,
vil nok hjelpa på.
Nok eit par til votteveggen
 

lørdag 16. desember 2023

Sitteunderlag av saueskinnsavkapp

to sitteunderlag ferdige og klar til levering
eg tykkjer det er morro å arbeide med sitteunderlaga.
ulla i mange farger blir som eit lite kunsverk
eg er allerede i gang med neste..
Desse arbeider eg med i Bronnhuse,
Det er fint å ta seg ein tur ut der innimellom,
og la tankene fly i stillheten som rår der....
 

onsdag 13. desember 2023

Barnesokker i Auroragarn

Har hatt eit nøste med Aurora, Vikinggarn på vent.
Her om dagen måtte eg lage meg eit "utespøt/strikk",
og starta på eit par sokker i barnestørrelse.
Eg valgte tilfeldig antall masker, og pinnestørrelse
og strikka til eg hadde sånn passelig lengde på leggen.
Etter kvart oppdaga eg,
at eg kunne få omtrent like sokker,
og starta fellinga etter det.
Etter to omtrent like par,
og har eg kun ein liten rest igjen av nøstet.
Sokkane vart str 31/33