lørdag 31. desember 2022

Heklet bordskåner

 Vikinggarn hadde adventskalender før jul.

Ein av dagane var eg så heldig å bli trekt ut.

Eit nøste heklegarn i valgfri farge, og mønster til hekla bordskånere. 

Det er lenge sidan eg har hekla, så eg måtte henta fram gamle kunster.

Det vart tid til 4 bordskånere, i ulike størrelser,

mellom alle strikkeprosjekt.

Eg vart litt hekta på hekling,

og har funne meg noko anna eg vil hekle,

men ikkje akkurat no.

søndag 25. desember 2022

"Pibbar"-genser

Julekvelden er over,
og eg kan vise fram tre gensere som låg under treet.
Mottakere til desse genserene,
er i samme familie,
og eg valgte å plukke ut farger som gjekk saman,
samt at dei skulle passe til kvar enkelt.
Fargerike og fine, spør du meg :D
Eg har valgt koks som bunnfarge,
 fordi mennene til desse damene,
fekk gensere i fjor,
og eg hadde lyst at dei alle skulle ha ein fellesnevnar.
Garn; Alpaca Storm, Vikinggarn
Pinner: 3 og 4
Det vart igjen ein del rester av mønsterfargane,
dei var brukt i 3 "Mole"- barnegensere.
To av barna er i same familie.
og no er 3 generasjoner kledd i gensere, 
som matcher..
 

torsdag 15. desember 2022

Pikachu hansker

For ei tid tilbake,
fekk eg spørsmål om å lage noko med Pikachu,
til ein 6 åring.
Medan eg har gjort ferdig andre ting,
har eg tenkt og sett på bilete på internett,
Ein dag hadde eg ein plan...
Eg teikna meg eit diagram, men det som ser ok ut på papiret, 
vert ikkje alltid slik ein hadde tenkt,
Ansiktet kom for langt opp mot fingrane
Fargane vart ulike på bileta,
så desse er nok mest lik fargen på hanskane
etter å ha laga nytt diagram, 
gjekk eg i gang med par nr to, på pinne 2,5. ca 6/7 år
ansiktet fekk ein bedre plassering nå
par nr 3 strikka eg på pinne 3, dei passer nok til ein 8/9 åring
Eg har brukt Viking sportsragg
 

lørdag 10. desember 2022

Holly Jolly hat

Ein del av eit lite bidrag til Kirskens bymisjon
skulle det bli
Sokker og huer til herre var det dei helst ville ha.
Sokkane er allerede klar, 
eg skal bare ha eit par huer og med.
desse huene er lettstrikka,
og med eitt var eg i gang med nr tre
nr 4
eg tenkte at eit par til må det bli,
for då har eg nok til den ukrainske familien
som nettop har flytta inn i nabolaget
Kirkens Bymisjon har fått sine sokker og huer
Resten er nå pakka inn som ein del av julegåver, 
til våre nye naboer.
Det er fint å kunne gi litt av min overflod,
til den som har litt mindre,
og som treng ein liten oppmuntring i kvardagen.