mandag 25. januar 2010

enkle huer

Etter å ha lese innlegget til M i Bloggedamer 40+
der ho har lyst å gjera noko for dei som frys
og som har litt mindre enn oss andre,
rota eg fram gamalt restegarn for å støtta dette prosjektet.
Samtidig fann eg nokre gamle mønster,
deriblant dette huemønsteret.


Eg la opp 128 masker (mann, 120 til damer)
strikka ein rett og ein vrang 28 cm (dame 26 cm),
og fellte av med to omganger to og to rette saman.
Eg brukte pinne nr. 3.
enkel oppskrift,
hua sit godt på hovudet
og går godt nedanfor øyrene.
...
Huene og nokre sokkepar er foreløpig mitt bidrag til
M sitt prosjekt.
.....
Har du lyst til å gjera ein innsats, så ta kontakt med M.

lørdag 2. januar 2010

Mariusgenser

Den gode gamle Mariusgenseren går aldri av moten,
og kjem stadig tilbake som "årets" plagg
i ein eller annan form.
Eg har strikka fleire gensarar i det siste,
ein brukt som gåve og eit par på bestilling.


Eg har brukt Falk frå Dalegarn
og pinner nr 3
Det vart litt rester av garnet
det bruka eg til sokker



i fleire størrelser og ulike mønster.
.....

Når eg først var i gang med sokkestrikkinga
rota eg litt i restekorga
og fann garn til eit par sokker
i vaksen str. og.



Når eg strikker med restegarn,
strikker eg sokkane paralellt
for å få dei like.
.....
Nå skal eg ta fatt på andre arbeid
som har blitt liggjande på vent.
.......
Godt Nytt År!