fredag 29. mars 2013

"marius" i friske farger

I Sandnes garn sitt Marius hefte fann eg oppskrifta.
- eg har brukt Perfect garn og pinner nr 3
- eigaren av sokkane har valgt ut dei friske fine fargane 

torsdag 28. mars 2013

Ribbestrikka tights/ullbukse

I Gjestal strikkedesign nr 127
fann eg oppskrifta til denne tightsen/ullbuksa.
Den første strikka eg med Silja garn
-  i nr to har eg brukt eit 2.sorteringsgarn som eg hadde liggjande
- eg har brukt pinner nr 2,5 og 3
- eit lettstrikka plagg, som er greitt å ha framfor fjernsynet,
eller når ein er mange i lag....

lørdag 9. mars 2013

barnegenser med setesdalmønster

I heftet "viking design" -setesdals mønster  
har eg funne oppskrifta til denne genseren.
- eg har brukt pinner nr 2,5 og 3 og Viking super wash garn,
og strikka i str 4 år.
Det er morro å strikke slike mønster....