Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg

mandag 22. januar 2024

Ullbukse med motiv frå Harry Potter

Bestemorgutten spør etter ny ullbukse, 
Han sa ingenting om farge,
men på slutten av "bestillinga"
la han til noko om ugla i Harry Potter.
eg har brukt vottediagrammet som utgangspunkt,
og tilpassa antall masker.

Det er Harry Potter som er in nå,
bøker, lego, ja, alt må vera Harry Potter
 Garn: Alapkka Storm, Vikinggarn
Pinner 3 og 4

mandag 6. november 2023

Harry Potter pulsvarmere

Eg har vore nordpå ein tur.
Noko av det første bestemorgutten ba meg om,
var å strikke Harry Potter pulsvarmere,
Harry Potter er det store akkurat no.
Mora fann fram noko restegarn,
og snart er bestemor i gang.
Bestemorgutten lurte på om dei var ferdige til neste morgon.
Bestemor strikker raskt, 
men neste morgon var nok litt tidleg.
Bestemorgutten lyste opp,
då pulsvarmerene var ferdige før leggetid neste kveld.
Pulsvarmarene var på om natta,
og på skulen neste dag.
Gildt når ferdige produkt vert så godt mottekne.

torsdag 19. mars 2020

Votter Expecto Patronum, Harry Potter

Eg kan ikkje sei at eg er Harry Potter fan,
men det er det andre i familien som er.
Eg fekk spørsmål om eg ville prøva meg på desse vottane.
Oppskrifta er på engelsk,
men eit diagram kan jo lesast godt på begge språk :D
 Eg har brukt Rauma Finull Pt 2
og pinner nr 2,5
Vottane vart litt store,
og vil nok passe best på ei mannehand
 om nokon lurer,
så finn ein mønsteret i denne boka.
Det er gildt å prøve seg på nye mønster.