Viser innlegg med etiketten votter 2017. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten votter 2017. Vis alle innlegg

lørdag 30. desember 2017

Votter Sauen Shaun x 2

Sauen Shaun har lenge vore ein populær figur,
og her før jul fekk eg tilsendt eit bilete av sokker med Shaun på,
om eg kunne lage slike...
- då hadde eg allerede i all hemmelighet sysla med tanken
 om strikke slike votter..
- og votter vart det i pakken under treet...
noko som var populært hos den som fekk pakken...
  eg fann eit diagram på internet,
og brukt på min måte
 Garn: baby ull og pinner 2,5
eit lite vask og det lilla paret er klar til bruk...
Det andre paret skal i den store vottesamlinga mi,
som inneheld ca 50 forskjellige vottepar.
Eg har no ein plan om å halde på til eg har 100 forskjellige par,
det er så utruleg mange fine mønster eg har lyst til å strikke.

søndag 10. desember 2017

Babyvotter i svart og rødt

Vi venter eit nytt barnebarn om ikkje så lenge,
og foreldra ynskjer seg votter til babyen,
i svart og rødt
Bestemor seier jo selfølgeleg ja til det.
 eit par slike små,
er jo fort gjort
testa ut med eit par rød først,
for å finne ut av maskeantall og størrelse
Garn: babyull
 så i same slengen vart det 3 par
 måtte bare ut i snøen og ta bilete i dag...
 innside vott
eg har plukka litt her og der
og sett saman mønster til desse vottane

onsdag 22. november 2017

Barnehagevotter - Spidermann x 2

Som så mange andre i 3-4 års alderen,
så har veslegutt og fått ein ny helt...
Spiderman MÅ vera med over alt...
Bestemor fann ein dag fram ruteblokka,
teikna nokre kryss her og der,
tilslutt vart det spidermann,
- i allefall i bestemor sine auger..
 bestemor brukte barnehagevotter som utgangspunkt
 bestemor har laga to par
med ein liten variasjon
 bestemor vart nok mest fornøgd med desse,
der blåfargen er brukt heilt opp til mønsteret. 
 Garn fann bestemor i Pt 5 restekorga...
det blir nok jubel 
den dagen veslegutt opner denne pakken
- i kalender eller julekvelden,
ja, det er uvisst enno.

mandag 20. november 2017

Votter 2017 Lille My x 2

Eg og eit par andre snakka ein dag 
om Mumi og Mumidalen,
og favorittane av figurane der.
Ei av damene meinte at Lille My var henna favoritt..
To dager etterpå,
dukka eit mønster opp 
blant mange andre ting på ei nettside,
- det var diagrammet til lille My votter..
Det var heilt klart....
lille my votter måtte eg bare strikke
 - eg fann fram baby ull frå lageret..
 og strikka to par
litt forskjellige
 - at dama som liker lille My best
skal få eit par votter,
det veit ho ikkje noko om, - ennå...

søndag 17. september 2017

Votter 2017 Barnehagevotter

 Eg var nyleg nord i Finnmark på besøk.
Eg hadde med meg bestillte strikkeplagg,
til store og små.
Det vart fleire bestillinger,
og dette fekk barnebarnet med seg.
Ein morgon sat vi å snakka om å dra på garnhandel,
og kva garn som måtte til osv.
Veslegutt seier med eitt:
"Adrian vil og ha votter"
på spørsmål om farge så svara han grøne og blå.
2,5 åringen var med i butikken,
og tok ut fargane han ville ha.
det blå paret vart ferdig før vi drog heim att..
 vel heime gjekk produksjonen på høg-gir...
 eg kjøpte to nøster av kvar farge,
og hadde nok til 4 einsfarga par,
og eit stripete.
 Veslegutt fekk spørsmål 
om han ville ha grøne eller stripete votter.
Han var heilt klar: "Adrian vil ha grøne votter"
Garn: Pt5 sport
Pinner: 2,5

søndag 4. juni 2017

Votter 2017 Kiwi - inspirasjon frå New Zealand

Ut i frå eit bilete på nettet,
prøvde eg meg å lage eit mønster
med Kiwi-fuglen på.
Det såg reint og fint ut på papiret,
men det vart mange lange tråder,
og mykje tvinning av tråder.
Eg vart ikkje fornøgd med første utkast
 på første utkast hadde eg kiwien
 både utanpå og på innsida av vottane
 utkast 2:
eg teikna inn litt ekstra mønster her og der,
det var enklare å strikka,
og eg likar resultatet bedre
 eg bytta og ut kiwien, 
med eit anna mønster,
på innsida av vottane
 Garn: Pt 5 sport
pinner: 2,5
om det vert fleire kiwivotter er litt uvisst,
men morro å ha med i den store vottesamlinga mi

tirsdag 2. mai 2017

Votter 2017 mønster ala Rallargenser

Det var litt garn igjen,
når eg var ferdig med rallagenseren,
måtte eg bare lage votter med same mønster....
- kjekt å ha i den store vottesamlinga mi..
 i restekorga fann litt til av same blåfarge,
- med eitt vart det to par..
 sjølve votten,
 har eg strikka etter inspirasjon frå ein samisk vott
 Garn: Pt 5 sport
pinner: 2,5
har fortsatt litt meir garn igjen,
Når eg har tenkt litt,
så kan det jo henda,
 at det blir meir/andre ting med same mønster,...
- ein veit jo aldri...

fredag 3. mars 2017

Votter 2017 votter til dei aller minste

 Flettemønsteret til desse vottane 
fann i ei oppskrift til eit hentesett.
Der var ikkje mønster votter,
så medan eg arbeida med hentesettet,
såg eg for meg eit par alternativ for små votter.
Alternativ 1
eg har brukt flettemønsteret på heile votten
 alternativ 2
flettemønster opp til hullbord
deretter glattstrikk.
 eg har brukt babyull
og pinner nr 2,5
nå vert dei lagra i den store vottesamlinga mi,
saman med andre store og små votter
i mange farger og mønster...

søndag 12. februar 2017

Votter 2017 med Lothepusmønster

Eg måtte jo bare ha eit par slike votter
til den store vottesamlinga mi....
 Garn: Merinoull Sandnes Garn
pinner: 3,5
eg for min del, 
er no ferdig med Lothepusmønsteret....
Det kan hende
at den fargerike mønsterstripa
 vil dukke opp som mønster 
i eit eller anna restegarnprosjekt,
men elles trur eg ikkje vil starte på
nokre fleire Lothepusprosjekt...
No er eg heilt klar 
til å ta fatt på andre og nye oppgaver/mønster 

mandag 30. januar 2017

Votter 2017 med gravemaskin til gutt/mann

Etter at eg hadde laga votter med gravemaskin til småbarn,
fekk eg spørsmål om å lage til ein mann og.
om eg kunne få med Volvo logoen ville det vore fint.
fekk ikkje plass til heile logoen,
kun bokstavane
 sidan dette er ein gravemaskinsfører, 
tenkte eg slitesterke votter 
og valgte Pt 5 sport og pinner 2,5
 denne karen har ikkje så store hender,
så eg målte ut frå mi eiga hand..
 - så viser det seg, at eigentleg så var det tjukkare votter,
som tover ved bruk, 
som ville vera det beste for denne karen
 - brukte same heimelaga mønster, likt masketall,
Peer Gynt og pinner 3,5
 - store og varme
- fargevalg med off white til bunnfarge,
 er eit ynskje med tanke på arbeid/buplass,
i Finnmark blir maskinen brukt like mykje
 når snøen ligg på bakken
morro å prøve seg fram,
bruke kreativiteten til å lage andre mønster