tirsdag 28. april 2015

Dåpskjole

 Det nærmer seg tida for barnedåp.
Skjørtet på dåpskjolen er egentleg heilt enkel å strikke,
litt meir arbeid på livstykket, der det er vaffelstrikk.
 - detaljer
- mønsteret fann eg i dette heftet frå Sandnes Garn
Garn: Mandarin Petit, Sandnes Garn
Pinner nr 3
- litt damping må til
og lyseblå sløyfe ligg på vent..

onsdag 8. april 2015

Votter 2015 Kautokeinovott med slynget kant

Det som eg trudde skulle bli utfordringa på desse vottane, 
gjekk i grunnen ganske greitt
Vrangborda er bytta ut med nokre omganger med masker med slyng.
Eg har fleire gonger hatt det framme og studert framgangsmåten til slyngmaskane
Når eg nå starta, gjekk det nesten av seg sjølv
 - utfordringane vart større i forhold til resten av mønsteret.
Antal masker samsvara ikkje i forhold til diagrammet,
Når eg hadde strikka votten ferdig etter diagrammet,
var han altfor for lang, sjølv til ei stor herrehand.
då oppdaga eg fotoet i boka (Samisk husflid i Finnmark),
og diagram heller ikkje passa saman
 - etter litt hodebry vart vottane slik
Garn: Pt 5 sport
pinner: 2,5
- mot slutten handla det berre om å få dei ferdige,
slik at dei ikkje vart liggjane som ein ufo i ei skuffe.
- ein ting er sikkert,
dette mønsteret vil eg ikkje bruke fleire gonger...