fredag 30. juni 2023

Marius til baby/barn

Ei av mine lurte på om eg kunne strikke 
nokre små Mariushuer og ein genser,
før eit visst tidspunkt.
Eg såg nok ikkje heilt for meg,
kor små desse huene er,
så eg lova å prøve innan dato som var sagt...
 
dette gjekk raskare enn tenkt,
Eg såg snart at eg kunne leite fram meir babyull,
og strikke litt meir Marius i same slengen.
tre ekstra gensere og to ekstra huer vart det utav det....
Babyull og pinner 2 og 2,5
Nå held det med Marius for denne gongen.
3 huer og 1 genser reiser vidare i helga.
Resten blir plassert i Bronnhuse, handarbeidsromet mitt,
og selges til den som har lyst å kjøpe.
Det er det beste med det nye romet mitt,
ingenting vert gøymt i kasser og skuffer,
nå kan alle som kjem innom,
sjå kva eg har på salg.
Samt sjå på dei utstillte 150 + vottane mine