tirsdag 27. april 2021

Sjiraffvotter

Ei venninne er ivrig med å samle mønster til meg.
Denne gongen kom ho med bilag frå Hjemmet,
der fann eg dett vottemønsteret.
eg har denne gongen valgt å bruke Alpaca Fine, Vikinggarn
og pinner 2,5
Mønsteret er i grunnen enkelt å strikke,
men eg må bare innrømme.
at det gjekk litt i surr med alle sjiraffflekkane.
Ved bruk av post it lapp,
vart det straks lettare
å få alt på rett plass.

Det er spennande med litt andre typer mønster,
men det blir nok kun eit slikt par.

torsdag 22. april 2021

Minecraft genser

Bestemorgutten fekk sjå eit bilete av ein tilnærma lik genser.
Hane ser med bedande auger på mammaen sin,
men ho rister på hovudet.. ho kan ikkje
Bestemorgutten ser så på bestemor,..
ja, selvfølgeleg kan bestemor strikke ein mincraft genser.
Bestemor veit at mincraft er eit dataspel.
men utover det har ho ingen kjennskap til  dette.
Bestemor finn teikningar/bilete på nettet/pinterest,
og lagar sine eigne diagram.
Ein barnegenser med rund felling er utgangspunktet,
deretter  mykje telljing og tilpassing av mønsterstriper.
Eg hadde begynt å ta ut garn i ein type garn.
men gjorde om på alt og valgte tilslutt Viking sportsragg, 
på grunn av fargeutvalget.
Bestemorgutten ga bestemor nokre instruksjoner,
om kva som måtte bli med, og navn på figurer.
Han var og med på å ta ut farger.

litt har nå bestemor lært,
om lava, moldhauger, gras og figurnavn...


Det er morro å strikke ting som blir til undervegs.
Eg hadde jo eit visst bilete i hovudet på førhand,
men figurer og farger er plassert/har bytta plass undervegs.
På grunn av garnet,
er nok genseren i største laget,
Ein dag vil han vel passse perfekt
Ein ting er bestemor sikker på,
det blir ikkje fleire av dette slaget
med det første......

tirsdag 13. april 2021

Malavest

Vest er visst det som er i skuddet no.
Ei ung jente valgte denne i staden for genser.
Garn: Merino 22, Dale garn
Pinner 3,5 og 4
Vesten har stor splitt nederst 
og eit godt stykke over vrangborda.
Eg strikka alt samtidig
vrangbord på fram og bakstykke,
strikka vidare dei 3-4 cm der vesten skal vera rund,
og delt frå armhull/hals og til topps.
Eg tykkjer det er lettare å få like mange omganger,
både framme og bak,
på den måten.
eit arbeid utan dei store utfordringane

tirsdag 6. april 2021

2 x genser Berlin

Genseren har fletter nesten frå start til mål.
Det var morro å strikke flettemønster,
det tok bare litt lenger tid.
For å halde orden på tre typer fletter,
som skal strikkast 2.,4. eller 6. omgang,
hadde eg merketråder over alt.
Garn: Alpaca Storm, Vikinggarn
Pinner: 3,5 og 4
Dette er eit mønster frå Vikinggarn
Dei la ut bilde av genseren på sine sider,
då Jakop Ingebrigtsen, 
sprang inn til ny europeisk rekord på 2000 meter i Berlin 2020
ein av mottakarene var i allefall fornøgd med sin genser.
genser nr 2
skal snart ut å reise Norge på langs,
til ein mottager som ikkje veit
 at han snart skal få pakke i posten.