mandag 27. november 2017

Kofte - Vestland

Eit av haustens store prosjekt
er nå ved veis ende...
Vestland - eit gildt mønster å strikke.
 som alt anna,
har eg og strikka denne fram og tilbake
 - mottaker valgte mønster,
den kofta var med bånd og hekter, 
det måtte jo hans kofte og ha...
- passa jo nesten heilt perfekt til "hr prøvedokke" og
kofta får nå privatsjåfør første etappe,
der mottaker er heime på ferie.
Seinare skal kofta reise langt,
med sin nye eigar,
og varme han på sin arbeidsplass 
i eit land 
som har ganske mange minusgrader gjennom vinteren...

onsdag 22. november 2017

Barnehagevotter - Spidermann x 2

Som så mange andre i 3-4 års alderen,
så har veslegutt og fått ein ny helt...
Spiderman MÅ vera med over alt...
Bestemor fann ein dag fram ruteblokka,
teikna nokre kryss her og der,
tilslutt vart det spidermann,
- i allefall i bestemor sine auger..
 bestemor brukte barnehagevotter som utgangspunkt
 bestemor har laga to par
med ein liten variasjon
 bestemor vart nok mest fornøgd med desse,
der blåfargen er brukt heilt opp til mønsteret. 
 Garn fann bestemor i Pt 5 restekorga...
det blir nok jubel 
den dagen veslegutt opner denne pakken
- i kalender eller julekvelden,
ja, det er uvisst enno.

mandag 20. november 2017

Votter 2017 Lille My x 2

Eg og eit par andre snakka ein dag 
om Mumi og Mumidalen,
og favorittane av figurane der.
Ei av damene meinte at Lille My var henna favoritt..
To dager etterpå,
dukka eit mønster opp 
blant mange andre ting på ei nettside,
- det var diagrammet til lille My votter..
Det var heilt klart....
lille my votter måtte eg bare strikke
 - eg fann fram baby ull frå lageret..
 og strikka to par
litt forskjellige
 - at dama som liker lille My best
skal få eit par votter,
det veit ho ikkje noko om, - ennå...

onsdag 8. november 2017

Huer av restegarn

Ein dag eg såg etter noko anna garn,
datt ein pose framfor meg....
- det var restegarn i mange farger..
Eg hadde lenge tenkt på,
 korleis eg kunne nytte dette garnet,
for å få mest mulig ut av det,
samt at det kunne vera til nytte for mange.
Den gongen eg fekk desse posane,
var det med beskjed om,
 at det kunne bli brukt til eit godt formål.
Oppskrifta er lett:
strikk så langt garnet rekk,
finn ein ny rest og strikk vidare.
På denne måten bli alt garnet brukt på ein enkel måte.
Dei første 10 huene reiste fort avgårde til eit anna land,
og er kanskje i bruk allerede.
 dei neste 5 fekk ein ny heim i lokalmiljøet
 dei siste 8 skal snart reise et stykke avgårde,
og bli gaver til nokon som ikkje har så mykje frå før...
to store poser som kun tok opp plass her i heimen,
kan snart varme 23 hoder nært eller fjernt...

mandag 6. november 2017

Barnegenser med rundt bærestykke x 2

Her for ei tid tilbake kjøpte eg heim noko garn til eit prosjekt,
men det viste seg å vera feil blåfarge..
nytt garn vart kjøpt inn og brukt,
dette vart liggjande....
Heilt til no,
då eg kom på eg skulle gjera det om til eit par barnegensere
str 6 år
 fargane bestemmer eg etter kvart,
ser kva som passer, 
og bytter litt undervegs
 str 8 år
 Garn: Silja
har litt meir garn på lager,
kan henda det vert eit par mindre gensere til, 
etter kvart
det er morro å strikke andre mønster,
enn det som "alle andre har/bruker"