torsdag 28. juli 2016

ensfarga votter med viftemønster

Eg har lenge tenkt å prøva ut dette sokkemønsteret på votter
 - i sommar har eg laga utallige slike sokkepar,
og brukte tida til å tenkje ut kva som ville vera best til votter
- eg sat igjen med to forslag
her er det eine
 mønster på utsida av vottane
2 rette og 2 vrange på innsida
 - vottane sit godt inntil handa
- men det kan henda det blir trekk i hull mønsteret.....
eg vart uansett godt fornøgd med resultatet

fredag 15. juli 2016

Feriestrikk - sokker

sokk etter sokk,
lik størrelse og same mønster
- det er fint å ha noko lettvint på pinnane 
når ein er i feiremodus..
 - dette er eit mønster eg brukte mykje for nokre år tilbake
- eg er usikker på opphav og navn
 Garn: Pt 5 sport
- eit dekorativt og  forholdsvis enkelt mønster..