Viser innlegg med etiketten marius. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten marius. Vis alle innlegg

torsdag 27. februar 2025

Marius i to farger x 2

To barnegensere i str 1 og 2 år
Marius er eit mønster som alltid er populært..
Denne gongen valgte eg å kun bruke to farger,
mest fordi eg hadde lyst å prøve det.
Garn: Sisu, Sandnesgarn
Pinner: 2 og 2,5
Genserane har allerede ein mottager,
og skal snart reise til ny heim.

tirsdag 7. november 2023

Marius til baby og barn

Det har blitt nokre mariusgensere og huer i det siste,
Eg har nå fått brukt ein stor pose med mørkeblå babyull.
Kassen med babyull har minka frå overfyllt, til full :D
nokre smårester vart til huer
Eg hadde og litt grått i babyullkassen.
og hadde sett meg ut blå eller rosafarger til det grå,
men det vart ikkje så fint saman.
Grønt og svart var det som passa best,
av det eg hadde på lager.
Eg har lenge hatt lyst til å strikke i lyst garn,
 med passande farger til - i rosa eller rødtoner.
Desse fargane passa best saman,
ut frå det utvalget eg kunne velgja i.

Nå trur eg mariusmønsteret skal få pause.
Eg er heilt klar for å strikke andre ting,
men plutseleg ein dag, tek eg fram mønsteret igjen...

lørdag 19. august 2023

Bronnhuse - utstilling og salg

I vår kunne eg innrede mitt handarbeidsrom.
Dyra i fjoset er borte,
og melketankromet tomt.
Fjoset er laga om til vinterlagring for gamle biler og traktorer,
men bronnhuse vart ikkje brukt.
Eg kom på tanken om få min eigen plass,
til vottesamlinga og anna ferdig produsert handarbeid.
Litt vasking og maling måtte til.
Golv, vegger og tak er prega av alder og bruk,
men skeive golv og andre "småsår" gir romet sjel.

Litt etter litt har gamle handarbeid/plagg funne veien ut av skuffer og skap

morro å ta fram ting ein laga for mange år tilbake
slike bilete var vel nokså populære på 1970 talet
i "salgsavdelinga" finn ein gensere, sokker, votter

her er "marius" godt representert
sydde pannebånd mm
pusslespel laga med eigne bilete som motiv
hekser til Halloween
huer og grytekluter
votteveggen med ca 155 par ulike votter
Eit prosjekt eg starta med for nokre år sidan,
som seinare har blitt meir og meir spande å halde på med.

Eg hadde ein periode tenkt å slutte av når eg kom til eit visst antal,
men stadig nye mønster finn veien hit.
Av og til kjøper eg eit nytt mønster, 
andre får eg frå andre som gir av sine oppskrifter,
andre samler frå ukeblad mm
Morro at så mange har lyst å bidra til større vottesamling.
nisseproduksjonen er såvidt i gang,
snart får nissane og flytte ut i Bronnhuse
Her er strikkekaffe sånn ca 1 gong pr månad.
Elles er mange innom for å sjå på vottane og alt det andre.
Mange mimrer tilbake til sine gamle handarbeid
I neste månad kjem husflidslaget på besøk,
då får eg mulighet til vise fram vottane,
samt å dele ting er har lært på min "vottevei"
innan historie, garn, teknikker, mønster og geografi.
Eit rom eg har mykje glede av.
 

torsdag 20. juli 2023

Marius til baby

Ein liten gutt kom til verda for i juli månad,
ein stad ned i Europa.
Denne gongen ville eg laga noko som er mykje brukt her heime.
Marius vart valget, i str 6 mndr.
Garn: babyull og pinner 2 og 2,5.
Oma og Opa skal snart hente genser og hue,
og ta det med heim til barnebarnet.

fredag 30. juni 2023

Marius til baby/barn

Ei av mine lurte på om eg kunne strikke 
nokre små Mariushuer og ein genser,
før eit visst tidspunkt.
Eg såg nok ikkje heilt for meg,
kor små desse huene er,
så eg lova å prøve innan dato som var sagt...
 
dette gjekk raskare enn tenkt,
Eg såg snart at eg kunne leite fram meir babyull,
og strikke litt meir Marius i same slengen.
tre ekstra gensere og to ekstra huer vart det utav det....
Babyull og pinner 2 og 2,5
Nå held det med Marius for denne gongen.
3 huer og 1 genser reiser vidare i helga.
Resten blir plassert i Bronnhuse, handarbeidsromet mitt,
og selges til den som har lyst å kjøpe.
Det er det beste med det nye romet mitt,
ingenting vert gøymt i kasser og skuffer,
nå kan alle som kjem innom,
sjå kva eg har på salg.
Samt sjå på dei utstillte 150 + vottane mine

tirsdag 28. februar 2023

3 x Marius til vaksne

Eit litt større prosjekt denne gongen.
Mariusgenser til 3 av mine.
Den første er strikka i Perfect, Sandnesgarn.
Dette er valgt fordi det tåler litt hardere vask,
og sokker var og eit ynskje.
Svart, grå og petrol
(petrol på biletet er nok litt lysare enn i verkeligheten)
til dei to neste
har eg valgt Smart, Sandnesgarn
Eit garn det er lenge sidan eg har brukt,
men som eg absolutt vil strikke meir av.
Svart, grå og petrol
koks, lys lilla og rosa
pinner 3 og 3,5
To av genserne er allerede i bruk,
den tredje blir nok og snart å sjå på sin eigar. 
Marius eit morro mønster å strikke,.
Genserne blir så ulike,
når ein varierer i fargevalget.

mandag 21. februar 2022

Sokker

 

Eit par sokker har eg alltid på pinnane,
som regel greitt strikk å ha med ut blant folk.
Fargesamansetninger blir som regel til undervegs.
Fargerike marius sokker,
er ein god måte å få brukt opp rester på.
Litt dugnadsstrikk for kyrkjeringen i bygda.
Dei ønska seg noko i kvikklunjsfargane
Med eitt vart det spørsmål etter Liverpoolsokker igjen
Det var ikkje akkurat det eg hadde tenkt å strikka nå,
men eg tok meg tid til å få ferdig 3 par,
til ihuga livepoolfans..
Garn: Viking sportsragg
Pinner: 3
Nå kan eg ta fatt på dei tinga 
eg hadde planlagt å strikka
frametter våren.

lørdag 23. oktober 2021

Marius genser

Endeleg kan eg vise fram noko av det eg strikker,
her på blogggen..
Eg har nokre ferdige prosjekt,
som må vente til etter 24.12.
Eg kjøpte garn med tanke på ein annan genser,
til bestemorgutten.
Seinare fann eg og bestemorgutten
 eit anna garn med større fargeutvalg,
med farger som passa bedre
 til den genseren han ville ha.
Dette garnet vart då til overs,
og no har eg strikka ein større genser,
kun for å få brukt garnet til noko nyttig.
Valget vart Marius ein genser,
Eg vart godt fornøgd med fargesamansetninga
Garnet gjer at genseren vart litt større
 enn 12 år som eg strikka etter.
Det finns nok ein 12/13 åring som kan bruke genseren.
garn: Silja, Gjestal garn
pinner 2,5 og 3

onsdag 18. august 2021

Fargerike Mariussokker

Eg starta på sokkeproduksjon, 
med tanke på gaver til venners, venner
i flaumområda i Tyskland.
Medan mine sokker var under arbeid,
kom det beskjed om at dei har nok klær nå..
Mine sokker vert det heilt sikkert bruk for ein annan plass,
Det er nok av gode formål å velgja blant.
Har stort sett brukt Viking sportsragg frå restekassen 
og pinner nr 3
Eg var ferdig med eit par i neon og svart,
og spurde bestemorgutten om det var fine farger.
6 åring såg på sokkane og svara:
"ja, men det var eit kult mønster"
Han vrir seg og kikker på mora,
mora forstår kva han vil, og ber han spør bestemor.
"Du bestemor, kan du lage slike sokker til meg?"
Bestemor må sei som sant er, at ho må kjøpe meir garn først.
for det var heilt klart, 
neon og svart måtte det vera.
Det går ein dag eller to,
det nærmar seg heimreis etter ferien her i sør,
og så kjem 6 åringen med same spørsmål.
"du bestemor, kan eg få slike sokker?"
Då MÅ jo bare bestemor få heim meir garn..
gutten fekk sokkar med seg heim,
og var så fornøgd.
som så mange andre strikkedamer,
så kan eg ikkje bare kjøpe eit nøste..
det vart fleire neonfarga sokkepar.
min favoritt er neon mønster og svart botn,
medan andre vil nok helst ha neon som botnfarge.

onsdag 29. april 2020

Marius møter kvikklunsj herrestørrelser

Det vart nok ein runde med  Marius/kvikklunsj sokker.
Kyrkjeringen i bygda ba om fleire par,
 klarer eg eit par, så klarer eg to, tre...
eller 9 par..
 denne gongen var det mest herrestørrelser dei ville ha.
Eg gjorde nokre par for store,
så det vart to par tilovers
Det er jo lettare å lage nye,
litt mindre,
enn å rekke opp :D :D :D
 når ein går lens (fabrikken er utsolgt) for ein farge eller to,
så prøver ein å finne alternativt garn
derfor ulike fargenyanser på sokkane.
Her har eg brukt:
Viking sportsragg eller Sandnesgarn Perfect 
No er det heilt sikkert, 
det blir pause frå Marius/kvikklunsjsokker

tirsdag 24. mars 2020

Sokker Marius møter Kvikk Lunsj

Det hender eg strikker på dugnad
for kyrkjeringen i bygda.
Denne gongen ville dei ha kvikklunsjsokker.
Eg lova ingen antal par,
eg ville bare sjå kor langt eg kom
 Når eg først vart ferdig med andre prosjekt,
og kun strikka sokker,
så gjekk det ganske fort.
Eg strikka til eg gjekk lens for eit par farger.
(i desse inntider, 
er det ikkje bare å dra avgårde å kjøpe meir garn)
 Sokkane skulle vera til salgs,
 på eit arrangement lørdag før Palmesøndag,
men nå veit eg ikkje korleis det blir.
Eg har stort sett brukt Vikingarn Sportsragg.
For å få ein passande rødfarge,
måtte eg velgja eit anna garn, 
og eg har brukt Vikinggarn Superwash.