søndag 31. juli 2022

Kopi av Lego Super Heroes Marvel Infinity-hanske

Bestemorgutten er ein ivrig legobygger,
og speler ofte populære internetspill.
Innimellom får han ideer om ting har har lyst på,
i form av votter, huer, genser, hansker osv
Denne gongen var det kopi av gullhansken til Lego,
han ville ha.
gutten har sjølv valgt farger,
han ser fort om dei fargane bestemor finn fram,
er dei rette og passer saman.
Viking sportsragg har eit mangfold av farger,
derfor valgte eg det garnet denne gongen
eg bruker barnehagevott som utgangspunkt,
og rekner meg fram til rett plass for krystallane,
etter mål av gutten si hand.
Pinner 2,5
eg lager først eit prøvepar,
som gutten frå prøve,
før eg gjer ferdig par nr to,
og retter på eit par småting.
gutten er veldig fornøgd med resultatet

tirsdag 5. juli 2022

Gällivare Skogsameby votter

Vottane som er strikka i originalfargane
er garn/mønsterpakke frå Stoorstålka,Sverige.
Garn: Siessa
pinner nr 2
Vottane vart altfor store,
og kan med fordel tovast litt.
Eg har og vart valgt ut to andre fargesamansetninger,
valgt ut frå farger i to kofter.
Garn: Rauma Lamullgarn
pinner nr 2
Desse vart og store,
og bør tovast

Par nr 3
Garn: Rauma Lamullgarn
pinner 1,5
Desse passer bedre til ei damehand


det er morro å setje saman nye og litt uvante farger