torsdag 30. august 2018

Jakt - pilke - foto votter

- eller til bruk for personal i barnehage/SFO
Bestillinga var på votter som ein slapp å ta,
når ein skulle knytte skolisser 
eller hjelpa barna i SFO med andre ting.
 Votter har eg strikka mangfoldige par av,
ja, puslvarmere og,
men dette var nytt for meg.
Eg la hovudet i bløyt,
og fann ut korleis eg tenkte det skulle bli.
Eg brukte eit par votter som mal,
og prøvde meg fram.
 dette første paret ser forsåvidt ok ut,
men overlappinga er noko kort.
Delene glir litt frå kvarandre,
men er likvevel fullt brukande.
 eg endra litt på maskeantall og lengde på vott og topp
og eg vart mykje meir fornøgd med resultatet.
 eg strikka først votten,
og deretter hekla eg opp masker på utsida, til toppen
på innsida av vottane la eg opp nye masker.
 når eg først var i gang,
så vart det fleire par...
samtidig kunne eg rette på det mønsteret
 eg laga meg undervegs.
 bestillinga var med heil tommel,
men når eg først skulle prøva dette og laga mi eiga oppskrift,
så vart det og tommel med opning.
(noko som var populært hos mottaker)
 for at eg ikkje skulle leggje restegarn tilbake
 i Pt 5 sport korga,
så strikka eg eit par barnehagevotter...
Garn Pt5 sport
pinner 2,5

tirsdag 7. august 2018

Lett feriestrikk - barnevotter Sør-Varanger

Det er greitt å ha med noko enkelt,
når ein er på ferie.
Mønsteret på vottane er lett å læra,
og går snart av seg sjølv
 Pt 5 sport og pinner 2,5
str 2/3 år
 hadde nokre smårester,
som eg ikkje ville leggje tilbake i restekorga....
brukte same grunnoppskrift,
men laga striper
nå er det på tide å finne fram andre og større ting...