søndag 16. april 2023

Tova sitteunderlag

To tova sitteunderlag
strikka i Naturgarn frå Vikinggarn
og pinne nr 8
Det går med 6 nøster Naturgarn

 Eg hadde ikkje noko oppskrift,
og la opp litt for mange masker.
Sitteunderlaga vart avlange.
Neste gong vil eg nok reduserer 
frå 78 masker til 70 eller 72.
Eg tova i maskin,
og dei måtte ha to omganger,
før eg vart sånn passe fornøgd.

søndag 9. april 2023

Fotballgenser eller Scora-genser som det står i oppskrifta

Fotball er viktig for mange i alle aldrer..
Eg har strikka denne genseren i str 8 år
Eg har brukt babyull og pinner 2,5 og 3.
Kanskje det vert fleire silke ei gong.
Akkurat nå er er glad for at denne vart ferdig...
I min iver i å få arbeidet gjort,
så har eg gjort fleire feil,
og rekt opp att fleire gonger.
Sånn kan det gå,
når ein ikkje går gjennom heile oppskrifta først,
og strikker slik ein trur det skal vera...