søndag 16. juli 2017

barnekjole i restegarn

ei venninne kom med ein pose restegarn.
mini alpakka.
ho lurte på om litt kunne bli til ein kjole...
 kjolen vart til undervegs,
alt etter kor mykje garn som var att av kvar farge.
- vidden på skjørtet er ganske stor,
så det gjekk ganske mykje garn bare i det,
så eg måtte spe på med eit nytt nøste mørke brunt
 pinner 2,5og 3
kva resten av garnet blir til,
 får eg sjå etter kvart...

onsdag 12. juli 2017

Rallargenser til herre

Kjølige og regnfulle dagar her i sørvest,
gjer at det vert ein del inneliv og strikking,
og nok ei bestilling er ferdig....
 denne gongen valgte eg å strikka i Smart, Sandnesgarn 
eg brukte pinner 3 og 3,5
når genseren er vaska og tørka,
skal han reise avgårde til Finnmark, 
omtrent til den russiske grense....  
og varme ein herremann der dei neste vintrane..

tirsdag 4. juli 2017

Votter 2017 Taniko, Maori design

I min søken etter vottemønstre,
eller mønster eg kan bruke til votter,
har eg nå vore innom New Zealand 
(via nettet og venner)
og funne nokre ideer frå Maoriene sine mønstre.
 det står Taniko, Maori design
- eg er ikkje sikker på 
kva denne mønsterstripa er brukt til
 ei lita dekorativ stripe på eit par votter
er nå mi meining....
Garn Pt 5 sport
pinner nr 2,5