tirsdag 20. juni 2017

Kautokeino-vott med slynget kant

Fargerike votter frå den samiske tradisjon
 Garn: Pt5 sport
pinner: 2,5
 strikking med slyng går greitt når eg nå har lært det,
- eg brukte litt tid, første gong eg strikka med slyng
 snorene er fletta med 6 tråder
morro å strikke slike ting som ein ikkje så ofte har i pinnane

tirsdag 13. juni 2017

Marius til dame med rundt bærestykke

Marius med rundt bærestykke, i mini alpakka.
Denne gongen blir det nesten: 
- endelig ferdig, - med store bokstaver...
 eg har strikka mariusmønsteret mange gonger,
og det er kanskje derfor at eg gjorde feil på feil,
- i staden for å lese det som står i oppskrifta,
strikker eg i vei, 
og trur eg veit kva som står der....
- på toppen av det heile mangla eg 30-40 cm med kvit tråd 
og måtte rekke opp att siste kvite mønsterborda,
og strikke den om att,
 med ein tilnærma lik kvit tråd
kanskje det er på tide med ein lite marius pause...
- kven veit,
 plutseleg så har eg marius på pinnane igjen,
i ein eller annan form..
men først er det andre mønster som står for tur..

søndag 4. juni 2017

Votter 2017 Kiwi - inspirasjon frå New Zealand

Ut i frå eit bilete på nettet,
prøvde eg meg å lage eit mønster
med Kiwi-fuglen på.
Det såg reint og fint ut på papiret,
men det vart mange lange tråder,
og mykje tvinning av tråder.
Eg vart ikkje fornøgd med første utkast
 på første utkast hadde eg kiwien
 både utanpå og på innsida av vottane
 utkast 2:
eg teikna inn litt ekstra mønster her og der,
det var enklare å strikka,
og eg likar resultatet bedre
 eg bytta og ut kiwien, 
med eit anna mønster,
på innsida av vottane
 Garn: Pt 5 sport
pinner: 2,5
om det vert fleire kiwivotter er litt uvisst,
men morro å ha med i den store vottesamlinga mi