Viser innlegg med etiketten utloddning/give away. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utloddning/give away. Vis alle innlegg

fredag 23. desember 2011

Den heldige vinnar

i trekninga til Birgitta med bloggen Utsikt från Vävstugan
det vart meg.....
Birgitta vever løpar etter løpar
 i dei flottaste møster og fargar
 - premien i juletrekninga hennar, 
var ein vakker juleløpar
 - den har allerede fått sin plass her i huset.
Tusen takk Birgitta,
eg er veldig glad for at det var eg som vart den heldige vinnar.


Eg ynskjer dykk alle ei fin julehøgtid

søndag 5. desember 2010

trekning..

Vi skriv 5. desember og det er advent
to lys skal tennast - vi ventar på jul
.
Ute har frost og kulde teke ein pause
og eit lett snølag ligg på åker og eng.
.
Vinteren er ennå lang
og skjerfet kan koma godt med
og varma ein kald hals, ein stad i Norge.
Min mann har gjort unna trekninga
og den heldige vinnar er:
britaiskogen
.
GRATULERA
.
Kan du senda navn og adresse
til email: ol-boe@online.no
.
God andre søndag i advent.

tirsdag 23. november 2010

utlodning/give away

eit skjerf strikka i silja strømpegarn på pinne nr 5
kan bli ditt om du legg igjen ein kommentar under her.
.

det blir trekning 2. søndag i advent - 5.desember
slik at gåva har mulighet til å nå den heldige vinnar før jul.
.
Håpar du vil delta i trekninga.
Har du ikkje eigen blogg,
kan skriva din email i kommentarboksen under her
eller senda meg ein email
Ha ein fin dag.