lørdag 24. mars 2012

Baby sett

For eit par veker sidan kom eit nytt medlem av slekta, til verda.
Grandtante "måtte" då få fart på fingrane og laga noko til den vesle guten...
Det er lenge sidan eg har strikka sånne små plagg.
 Pinner nr 2,5 som skulle brukast på vrangborder vart litt lite for mine fingrar
og vart bytta til pinner nr 3
Mønsteret fann eg i VIKING GARN hefte 1101
og garnet er Viking baby ull

onsdag 7. mars 2012

to huer... og eit par sokker

Her har eg teke litt frå fleire mønster,
for å få til noko som passa til det garnet eg ville bruka.
 - rødt og oransje, kanskje litt like fargenyanser,
men samtidig litt anna enn det eg pleier å setja saman.
 eg har brukt Falk Dalegarn og pinner nr 3.
- for å få bruka opp restane av garnet strikka eg eit par barnesokker,
( og det vart ein pose restegarn mindre i skapet...)