torsdag 27. april 2017

Rallargenser

Ein rallargenser ville mottaker ha,
blått, svart og kvitt ville bli bra...
 Garn: Pt 5 sport
Pinner: 2,5 og 3 
når så stor del av genseren er einsfarga,
går det ganske fort
- mønsteret har tre farger samtidig fleire plasser,
når eg berre fann ein rytme,
og kva for ein farge som skulle vera kor på fingrane,
så gjekk det nesten av seg sjølv...
Nå skal genseren snart på ei lang reise nordover,
 til vårt nordlegaste fylke....

torsdag 6. april 2017

Marius med rundt bærestykke i mini alpakka

- så vart det nok ein mariusgenser...
denne gongen strikka i
mini alpakka. Sandnesgarn.
 pinner 2,5 og 3
 eg har ikkje strikka med mini alpakka tidlegare,
syns det gjekk greitt så lenge det var einsfarga,
men vart ikkje heilt fornøgd med jevnheten i mønsterdelen.
kanskje det bare er fordi det uvant med denne garntypen...
mottaker vart fornøgd, og det er jo det viktigaste
 ein liten fotoleik
med ein genser som modell...