onsdag 30. november 2022

Tova flaskehekser, ein ide blir prøvd ut..

Heller ikkje i år,
fekk bestemorgutten 
delta på klassens halloweenparty..
Neste skal han arrangere i sin heim..
Når eg var i full gang med produksjonen 
av tova flaskenisser,
så såg eg plutseleg tova hekser for meg..
Dette måtte eg bare prøve ut.
å strikka heksene
samt tovinga gjekk greitt.
Litt usikker på kva som ville bli best,
så laga eg dei litt ulike
korleis skulle nasen bli til?
eg såg for meg korleis eg ville ha det,
men er litt usikker på resultatet
bestemorgutten er fornøgd,
men bestemor er fortsatt litt usikker på nasen.
- kanskje ein svart nase ville vore bedre?
tja, kvein veit...
kanskje bestemor må lage fleire,
for å prøve ut andre naser.....
garn: Vams, Raumagarn
pinner nr 5
 

lørdag 26. november 2022

Lovikkavotter

Når eg var på leit etter garn 
til dei tova nissane,
fann eg mykje garn i kvitt og melert Vams; Raumagarn
Dette garnet kom fram frå lageret,
i påvente av at nisseproduksjonen skulle bli ferdig.
Lovikkavotter:
Slike votter har eg hatt lenge,
 men utan å vite kva dei heiter.
Tante strikka til mi syster og meg,
for mange år sidan.
Syster mi sine votter hadde fargerik pynt på,
medan mine var utan...
Lenge har eg tenkt at eg skulle lage meg eit par,
med pyntesnor,
men har ikkje funne ut navnet på vottane.
Ein dag for ikkje så lenge sidan,
dukka dei bare opp på nettet,
og eg var snar om å få tak i oppskrift.
Det er Raumgarn sitt mønster eg har brukt.
det vart nokre par utav det garnet eg hadde på lager...
ein må prøve seg fram,
for å få rett antal masker mellom stinga
på første par starta eg på feil side,
men det går heilt greitt
litt etter litt får eg sving på nåla..
til herre
11-14 år
dame
dei brune vottane vart til,
då eg kom heim med det eg trudde vart svart garn,
 til eit nytt prosjekt...
eg hadde strikka ein god del,
før eg oppdaga at garnet var brunt...
For å få brukt det opp,
 var eg snar om å svinge vottepinnane 
for å bli ferdig med alle para samtidig.
Ferdig, 
akkurat i tide til gje eit par i gave,
 i veka som kjem

lørdag 12. november 2022

Tova flaskenisser

Oppskrifta eg fann,
var til 1,5 liters flasker.
Mine nisser skulle vera mindre,
så eg prøvde meg fram i forhold til størrelse.
Etter å minka størrelsen noko,
vart nissen passeleg til 0,5 liters flaske
eg minker på maskeantallet ei gong til 
og er spent på resultatet
Nå vart nissane små nok til mitt bruk
eg var litt usikker på kor mykje garn eg trong, til 8-10 nisser,
og kjøpte inn altfor mykje :D
då får eg bare strikke videre inntil alt garn er brukt opp
forskjellen på mine to utgaver

passer og akkurat over eit kryddeglass
i julenisseskjeggkø....
det tyngste arbeidet,
var å få sydd på sjkegget.
Eg bruker avkapp av saueskinn,
og dette var til tider ganske tjukt,
og tungt å stikke nåla gjennom

familien Flaskenisse vart ganske stor tilslutt.
Dei skal bli bordpynt i julens selskaper.

fredag 11. november 2022

Kanalkofta/genser

Oppskrift til Kanalkofta og genser
finn ein i Kofteboken 3
Genseren har ei enkel men dekorativ bord,
Eg har brukt Perfect, Sandnesgarn
og pinner nr 3 og 3,5.
Gildt å strikke noko "nytt",
eit mønster som kanskje ikkje så mange andre har
 

søndag 6. november 2022

Helleristningsvotter med rein og mennesker

Eg har i grunnen bestemt meg for å stoppe
med innkjøp av nye mønster.
Av og til er det bare tida for å kjøpe mønster,
eg har ønska meg ei stund.
Har ei tid sett på helleristningsvottane, 
og når eg var i Alta,
måtte eg bare innom museet 

Garn og mønster = strikkepakke
fås kjøpt på Alta museum

Garn: Finull, Rauma garn
Pinner: 3
Vottane er nå lagra i vottekassen,
i lag med rundt 150 andre vottepar..
Oppteljing og offentlig avslutning
av votteprosjektet
 blir utpå nyåret.