lørdag 26. november 2022

Lovikkavotter

Når eg var på leit etter garn 
til dei tova nissane,
fann eg mykje garn i kvitt og melert Vams; Raumagarn
Dette garnet kom fram frå lageret,
i påvente av at nisseproduksjonen skulle bli ferdig.
Lovikkavotter:
Slike votter har eg hatt lenge,
 men utan å vite kva dei heiter.
Tante strikka til mi syster og meg,
for mange år sidan.
Syster mi sine votter hadde fargerik pynt på,
medan mine var utan...
Lenge har eg tenkt at eg skulle lage meg eit par,
med pyntesnor,
men har ikkje funne ut navnet på vottane.
Ein dag for ikkje så lenge sidan,
dukka dei bare opp på nettet,
og eg var snar om å få tak i oppskrift.
Det er Raumgarn sitt mønster eg har brukt.
det vart nokre par utav det garnet eg hadde på lager...
ein må prøve seg fram,
for å få rett antal masker mellom stinga
på første par starta eg på feil side,
men det går heilt greitt
litt etter litt får eg sving på nåla..
til herre
11-14 år
dame
dei brune vottane vart til,
då eg kom heim med det eg trudde vart svart garn,
 til eit nytt prosjekt...
eg hadde strikka ein god del,
før eg oppdaga at garnet var brunt...
For å få brukt det opp,
 var eg snar om å svinge vottepinnane 
for å bli ferdig med alle para samtidig.
Ferdig, 
akkurat i tide til gje eit par i gave,
 i veka som kjem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar