lørdag 29. mai 2021

Baby joggis

Mønsteret til Baby joggis,
 er eit design av Strikkefruen.
Garn: Alpaca Storm, Vikinggarn
Pinner 3 og 3,5
Buksa strikkes ovanfrå og ned,
der ein starter med selane
og strikker alt i eitt.
Eit lett strikka plagg.
 

torsdag 20. mai 2021

Selbuvotter

Eg fekk eit par votter i gave,
frå ei dame litt nordpå.
Ho fortalte at denne varianten av Selbuvott,
lærte ho av mora si, som igjen lærte av si mor..
Om det finns noko oppskrift på denne varianten,
er uvisst.
Dama frå nord haurde om mitt votteprosjekt,
og ville strikke eit par votter til meg.
Eg har strikka av desse vottane,
og laga meg eit diagram, til eige bruk.
Garn: Eco Highland wool, Vikinggarn
Pinner: nr 3
Det går mot sommar,
men vottestrikking, 
eller anna stikking tek ikkje ferie.
Eg må ha noko i hendene
uansett årstid.
 

søndag 16. mai 2021

Mummipappavotter

Mønster til Mummipappavotter
har eg funne i heftet:
Moomin+Novita, tekst på svensk
Sidan mønsteret er kun på deler av votten,
valgte eg å strikke fram og tilbake
der mummipappa og hatten er plassert.
Eg har denne gongen brukt
Eco Highland wool, Vikinggarn
og pinner nr 3
hatten kan med fordel strikkast
litt lengre ned på votten
Mummipappa skulle hatt litt markeringer
og ei hand,
men eg syns det vart klumpete og lite fint.
Eg valgte å ta opp att alle stinga.
 

onsdag 12. mai 2021

Joggis genser og bukse

Joggis serien er eit Strikkefruen design
Her er genser utan hette og lomme på magen,
etter mottagers ynskje.
Genseren skal etter mønsteret strikkes ovenfra og ned,
men eg har strikka motsatt vei.
Då slapp eg bl.a.  å plukke opp masker til halsen.
Genser og bukse har eit enkelt mønster,
som gjer mykje av seg.

Garn: Alpaca Storm, Vikinggarn
Pinner: 3,5
Bestemorgutten (6 år) har valgt fargane sjølv,
Han må ha eit godt auga for farger,
for dette vart fint saman.

søndag 2. mai 2021

Pulsvanter

Her har eg teke på eit aldri så lite oppdrag.
Strikker lite for andre nå,
men såg dette som eit ok innimellomstoretingarbeid.
pulvanter til store og litt mindre store,
strikka i Alpaca Fine, Vikinggarn
pinner 3 dame
pinner 2,5 barn
alle para skal til ein familie,
så eg tenkte det var lurt med forskjellige mønster
denne gongen vart det tommel på pulsvantane.