lørdag 9. mai 2020

Votter: Tornerose, med amerikansk tommel

Maivotten i en uhøytidelig vottealong,
ja, den skulle ha sidetommel,
eller som det og heiter: amerikansk tommel.
Eg leita gjennom mine mønstre,
og landa på votten, Tornerose
frå boka Eventyrvotter.
(Vottemønstre med inspirasjon fra eventyrene våre).
"Når var de hundre årene gått,
og Tornerose skulle vekkes.
Da prinsen nærmet seg tornehekken,
så han at den var full av store, vakre blomster"
Eg fann nokre rester av finullgarn
og brukte pinner nr 3
Dette er ein liten damevott

torsdag 7. mai 2020

Votten Knut

Votten Knut er eit Jorid Lindvik design
Votten er inspirert av knutemønstrene frå keltisk tradisjon
 inni handflata eit geometrisk mønster
 eg valgte å strikka som i mønsteret
å ha ein skorpion i den eine handflata,
der halen går oppover innsida av tommelen
 har denne gongen brukt finull
og pinner 2,5
 nok ein gong har eg funne garn frå lageret...
Eg ser det nå,
at skal det bli fleire par i finull,
må eg nok kjøpe meir garn...

fredag 1. mai 2020

Votter Okka by (Egersund)

Okka by er Randi K.design sin heimby.
Her har ho designa eit vottemønster med
gjenkjennede elementer frå byen.
Ender under Hvestad bru, kyrkja, små kvite hus,
 fisk, fiskegarn og krabbe
 Eg har strikka vottane i Smart
og brukt pinner nr 3
 Egersund er ikkje så langt frå mi heimbygd,
av fleire grunner føler eg ein viss tilknytning.
 til byen og områda rundt
Ha ein fin 1. mai