søndag 27. juni 2021

Soknedals-votten

Innimellom litt større,
og litt hemmelige prosjekt,
må eg ha nokre småting på pinnane.
.
Sokndals-votten
Mønsteret er utarbeida av 4 damer,
og er i salg hos Soknedal Husflidslag
Vottane som er lette å strikke,
og har eit enkelt og fint mønster.
.
Eg har brukt 
Eco Highland wool, Vikinggarn
og pinner nr 3
Eg har ennå fleire vottemønster på vent...
så innimellom vil det nok 
dukke opp fleire vottepar her.

tirsdag 15. juni 2021

Zala sommertopp

Litt tidlegare i vår,
hadde Vikinggarn "give away"
Der var eg så heldig, 
og var den som vart trekt ut.
Garnpakke til sommertoppen "Zala"
Etter kvart som hullmønsteret "lagra seg"
i fingrane mine,
så gjekk det ganske fort framover.
Garn: Bambino Vikinggarn
Pinner: 2,5 og 3
Morro å strikke ting ein vanlegvis ikkje strikker..