fredag 5. desember 2014

Fleire fuglehuer....

Eg får stadig bestilling på fuglehuer,,,,
- etter ynskje har eg atter ei gong gjort endringar på huene
Denne gongen var det ynskje om dusker på toppen,
og nederst. 
 - det var og ynskje om nokre snillare fuglar..
Eg bruker same utgangspunkt og endrer litt på farger og ansiktsuttrykk.
- så nå får eg håpe at huene blir til glede, 
for dei gutane og jentene som opner pakkane på julekvelden

onsdag 19. november 2014

Arbeid for heklenåla

I det siste har eg hatt mange prosjekt,
med heklenål og bomullstråd,
i arbeid på same tid.

Det har blitt fleire OL og Volvohuer
 - nøkkelringfamilien vart etter kvart stor og fargerik...
 - Angry bird med dusk, etter ynskje frå ein mann i nord
- nokre av tinga er allerede framme,
andre er forstsatt på ei lengre reise, 
på veg til sine nye eigarar
- resten vert lagd på vent,
 i skuffa,
 for ferdigproduserte ting...

mandag 17. november 2014

Til storebror og lillemann...

Oppskrifta er i heftet "Til fjells" frå Sandnesgarn,
Eg har brukt Smart garn, pinner 2,5 og 3
den føsrte er i str L
 nr 2 er str 6/8 år
- eit enkelt mønster som gjer mykje av seg..

lørdag 13. september 2014

Herresokker i grått og svart

Eg kjøpte heim garn, 
med tanke på to par marius sokker, til herre
 - etter første paret,
såg eg at det var ikkje nok garn att,
 til endå eit par med marius mønster på.
Eg tenke at med striper,
då drøyer eg garnet slik at det nok garn til det siste paret og.
Eg kunne kjøpt meir garn,
men då ville eg hatt eit halvt nøste igjen, 
som ville havna i restegarnhaugen....
- sjølv med striper, vart det litt i minste laget med garn,
Så for å få fella dei siste rundane,
festa eg tråder på sokkane og brukte dei lengste bitane,
Sjølv om det vart litt putlete på slutten, så eg kom i mål...
- eg håper berre dei er lange nok til herren i nord..
Det beste av alt,
det vart ikkje noko restegarn å samle på...
- og varmer gjer dei jo uansett...

torsdag 28. august 2014

"tømmeskapetstrikking" 2

Eg har vore ivrig den siste tida, (tykkjer eg i allefall sjølv)
og gjort det eg lova meg sjølv:
- strikke 2 plagg med garn frå "skapet med det rare i"
før eg kjøper noko nytt garn.
- Ei ullbukse er ferdig og levert
 - ei ullbukse er ferdig strikka, klar til montering
begge i Silja garn
 - samtidig har eg kome eit stykke på vei på med eit barneteppe i rillestrikk,
i ullteppegarn
 - det minker i hylla med Silja garn....
 - har gjort klar dette garnet, og er godt igang med nok ei ullbukse
- resten av Silja garnet kan bli til bl.a.ei ullbukse i mange farger,
eller gå til sokkeproduksjon...
- alt etter kva eg har lyst å strikke når den tid kjem...
.
- om ikkje lenge er eg på vei til garnbutikken,
eg treng nytt garn til eit heilt nytt prosjekt.

fredag 15. august 2014

"tømmeskapetstrikking"

I årenes løp har det samla seg ganske mykje
 i "skapet med det rare i"
hos meg, som hos så mange andre handarbeidsinteresserte.
Ein del av garnet har eg allerede brukt,
men har bestemt meg for at eg skal tømme skapet litt til,
før eg invisterer i nytt garn.
Ei gong i tida hadde eg eit større prosjekt på gang,
der eg skulle bruke ein del smart garn, 
 som av ein eller annan grunn vart avslutta....
Bunnfargen til plagga under er smart,
og mønsterfargane superwash sport.
 - for å få brukt mest mogleg garn,
valgte eg å strikke
den største barnestørrelsen på mønsteret, 12 år
Det garnet eg då hadde igjen,
var akkurat nok til ein tunika i str 1 år
- nå er det slik at det er blitt eit stort tomrom i skapet,
og eigentleg vil eg ut på garnhandel,
- men skal prøva å halda meg,
 til eg har fullført eit par plagg til....

onsdag 9. juli 2014

testing av nytt mønster 2

Den første genseren gjekk det greitt å strikka
- nr 2 begynte bra
- bol og armer vart eg forsåvidt okei fornøgd med
- eg strikka vidare på mønsteret, på bærestykket,
eg vart mindre og mindre fornøgd med strikkeresultatet.
Når eg var komen litt ovanfor midten,
oppdaga eg selvfølgeleg og ein feil,
 i det som eg allerede hadde strikka.....
 - vel, enden på visa vart, at eg rekkte opp att heile mønsteret,
og strikka bærestykket einsfarga,
For heilheten tok eg med øverste bord i mønsteret.
- sjølv på denne enkle borda klarte eg å gjera feil.
og måtte rekkja opp att......
Nei, denne gongen var det "ikkje min dag" 
 - eg fekk iallefall eit ferdig produkt,
om det ikkje vart som det skulle....
- det halvferdige produktet som det kunne blitt,
vart ikkje lagt på lagring i skapet eller kasta i bosset.....
.
Genseren vart etter mitt syn fin likevel,
og varmer gjer han uansett....

fredag 4. juli 2014

Familien Nøkkelring Pingvin

Med diverse rester av bomullsgarn,
laga eg ein pingvin nøkkelring
 - snart hadde den eine fått selskap av fleire....
- litt styr med alle smådelene,
men det går fort og greitt, når ein berre går igang...

mandag 30. juni 2014

testing av nytt mønster

Randi K design lager stadig nye flotte strikkemønster.
Då ho spurde etter nokon som ville teststrikke eit mønster som er under arbeid,
var eg ikkje sein om å melda meg.
Dette mønsteret vil etter kvart bli lagt for salg ut på Ravelry,
det trengs litt finpuss på mønsteret før det er heilt klart.
Eg brukte noko garn eg hadde liggjande,
Superwash sport, frå gjestal.
Det vart litt tjukt når eg kom til hovudmønsteret,
men elles greitt å bruke.
Er no igang med genser nr to
denne gongen bruker eg Smart, frå Sandnes Garn

mandag 23. juni 2014

mariusgenser

Etter utallige hekla huer i forskjellige farger og fasonger,
har eg igjen fått fart på strikkepinnane.
Eg var i "skapet med det rare i",
og brukt noko av det eg fann der.
Det er forskjellige typer garn 
som passer til pinner 2,5 og 3  

torsdag 15. mai 2014

Nøkkelring ugle

Eg fekk spørsmål om å lage ein uglenøkkelring,
alltid spennande med nye ting, så det sa eg ja til....
Alt garnet måtte eg kjøpa, lite med bomullsrester i mitt skap.
Til kroppen kjøpte eg vanlege nøster,
resten av fargane fann eg blant mininøstene.
Eg brukte heklenål nr 2,5
Eg fann ei oppskrift i bloggen til Fru Madsen
denne var det ein del feil i,
så den oppskrifta vart berre eit utgangspunkt.
- eg hadde jo altfor mykje garn til ein nøkkelring
så det vart ein liten søskenflokk...

onsdag 14. mai 2014

Barnegenser med traktormønster

I skapet med de "rare i"
fann eg fram noko garn om har blitt liggjande ei stund,
pluss litt restegarn
- pinner 2,5 og 3
Enkelt og dekorativt,
men eg er litt uenig med meg sjølv,
om traktorborda skulle vore litt lenger ned...

tirsdag 13. mai 2014

huer, huer og huer.......

når eg først var igang med å hekle huer,
så brukte eg opp litt meir restegarn til ei jentehue
 - eg hadde kjøpt inn for mykje garn til angry bird huene
det var til huer i 3 størrelser
 - men så fekk eg ein ny ide...
selvfølgeleg hadde eg då brukt opp de svarte garnet....
Eg pleier å bidra med gevinster til basaren
 på det årlege Volvotreffet i Røldal,
så då vart OL huer til Volvo huer
- men nå skal den store heklenåla få ein pause...
- trur eg....

onsdag 30. april 2014

Angry bird huer

Etter å ha prøvd fleire gonger,
og lage huene etter eit kjøpt mønster, 
har eg no med Ol hua som mal, 
endeleg fått till desse fuglehuene.
Det var ikkje så vanskeleg når eg berre kom igang...
Eg har brukt dobbel babyull og heklenål nr 4.
Eg rekna to nøster pr hue, 
men sjølv på dei største huene brukte eg ikkje så mykje garn
- det vart ei hue i ca 1-3 år
- 3 huer ca 4-6 år
 - kreative tanker om å lage noko morro
 med desse huene tok over,
og brått var to huer to "store barn" klar
- til ei festleg anledning....
 - sjølv om dei er laga etter same oppskrifta,
har alle  fått sitt personlege preg....

lørdag 19. april 2014

OL huer og litt til.....

Eg må bare innrømma det, det vart storproduksjon av OL huer...
ja, eg veit eg sa eg ikkje skulle lage slike huer.....
Vel, etter ei bestilling vart det nokre få, 
etter andre bestilling "tok det heilt av"
.
 1, 2, 3, .... eg har visst kome heilt utav teljinga,
nokre har allerede fåt ny eigar..
- eg har brukt fleire typer babyull, lanett og sisu..
Det vart nokre i andre farger
og litt restegarn
 - mitt neste prosjekt er Angry bird huer.
det vil sei, eg har allerede begynnt og rekt opp fleire gonger
 - eg får ikkje det til etter mønsteret eg har kjøpt,
huene vert altfor store og vide....
 - så no har eg tenkt å bruke OL hua som utgangspunkt og lage mitt eige mønster...
Kva som kjem i produksjon etter desse huene, det er ikkje godt å vita,
men eg skal iallefall ikkje sei at eg aldri meir skal lage OL huer........

fredag 28. mars 2014

Hello Kitty

Eg fekk bestilling på ei barnehue,
Hello Kitty skulle det vera.
Etter å ha leita ei tid etter eit mønster,
fann eg eit i bloggen til Smoochie
 - med dobbel babyull og pinner nr 5 så var hua strikka i ein fei
- og snart var eg ferdig med 3 huer i str 1-3 år
 - eg hadde litt meir babyull heime
og laga 2 huer til,  i str 3-5 år
- 4 huer vert lagt i tilsalgs skuffa...
- ein veit jo aldri, brått er det andre og som vil ha ei slik hue...

fredag 21. mars 2014

Damekjole med stjernemønster og raglan

På bestilling har eg for første gong strikka kjole i vaksen størrelse...
Det er Pt design i Pt 5 sport garn
 - på mønsteret var det lange armer,
- eg la opp antall masker, 
som det i følge mønsteret skulle vera øverst på armen, 
og strikka kun mønsterdelen av armane
 - når eg først var i gang,
 var det fort gjort å lage eit par sokker med deler av kjolemønsteret
- det er morro å prøve seg på ting ein vanlegvis ikkje strikker.

onsdag 19. mars 2014

hue og skjerf i babyull

Etter å ha hatt storproduksjon i lang tid, på einsfarga skjerf,
var eg klar for å prøva noko nytt.
- tilfeldig kom eg over eit mønster i eit strikkehefte frå Allers 
- skjerfet er rundstrikka.
Dette var eit kjekt arbeid,
eit sett om eg nok vil strikke fleire av - og i andre farger

tirsdag 18. mars 2014

OL huer

Eg bestemte meg ganske fort at OL huer,
det skulle ikkje eg lage.....
-- men ein dag, fann ein basill vegen gjennom mi hud og,
 no er eg snart ferdig med 4 huer
 Eg har brukt babyull frå Dalegarn og heklenål nr 4
Eg leita på internet og fann mange utgåver av oppskrifta,
- eg prøvde ut eit par, før eg fann ei eg vart fornøgd med.
Det gjekk fort når eg berre kom igang. 
- mine huer skal etterkvart få på eit norskt flag,
og så er dei klar for ei reise til det store utland...
Pr i dag har eg ingen planar om å lage fleire slike huer,
men ein veit jo aldri...