fredag 16. oktober 2015

Votter 2015 samiske babyvotter

Eg har fått låne eit par små babyvotter,
 som er strikka etter samisk tradisjon
 - har ikkje prøvd meg på denne teknikken tidlegare..
- alt fram til tommel er ting eg har gjort før..
 - men så kjem det eg ikkje kan..
 - litt etter litt blir det mønster på min vott og..
- eg har tjukkare pinner og garn,
så det var nok med ei rute på min vott
 - min vott er litt større enn malen,
det var og planen
 - Garn: Navia, 
ei ull landing frå Færøyane, Shetland og Australia
pinner 2,5
 - det vart to par når eg først var i gang..
- kjenner at eg treng litt øving, 
for å få eit godt resultat 
både på utsida og innsida av vottane

mandag 12. oktober 2015

samiske barnesokker

Har gjort eit forsøk på å kopiere desse sokkane.
Fekk anbefalt å bruke eit ullgarn, Navia,
som er blanding av ull frå Færøyane, Shetland og Australia.
Eg vart ikkje heilt fornøgd med resultatet,
Eg syns garnet var litt trådt å strikke med.
maskane gleid ikkje så godt på pinnane,
og strikkinga vart ujevn.
 - på garnet var det oppgitt pinner nr 3,5,
eg valgte å gå ned til pinne 3...
Ved første forsøk vart sokkane altfor store..
 - 2. forsøk og pinner 2,5
fortsatt for store...
 3. forsøk og mindre antal masker
- nå begynner det å nærma seg...
- om eg prøver nokre gonger til, 
vert kanskje eg og garnet "venner" etter kvart..

lørdag 10. oktober 2015

Heil dress - Marius

Her som på nesten alle barneplagg med mønster,
strikker eg rygg og dei to framsykka paralellt.
Når eg strikker det slik,
tykkjer eg det er lettare å halde oversikt over mønsteret.
Når eg er komen nesten opp til der armhullet skal vera,
strikker eg armane,
slik at eg kan måla ut frå lengdemål på dressen,
og breidde på armane
kor eg eg skal dela bolen i 3.
 - dressen er klar til bruk
 - enno litt stor for barnebarnet
 - hadde nok garn til hue og..
 Garn: Sisu
Pinner: 2,5 og 3
- mønsteret fann eg i dette heftet frå Sandnes Garn