Viser innlegg med etiketten bukser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bukser. Vis alle innlegg

lørdag 29. mai 2021

Baby joggis

Mønsteret til Baby joggis,
 er eit design av Strikkefruen.
Garn: Alpaca Storm, Vikinggarn
Pinner 3 og 3,5
Buksa strikkes ovanfrå og ned,
der ein starter med selane
og strikker alt i eitt.
Eit lett strikka plagg.
 

onsdag 12. mai 2021

Joggis genser og bukse

Joggis serien er eit Strikkefruen design
Her er genser utan hette og lomme på magen,
etter mottagers ynskje.
Genseren skal etter mønsteret strikkes ovenfra og ned,
men eg har strikka motsatt vei.
Då slapp eg bl.a.  å plukke opp masker til halsen.
Genser og bukse har eit enkelt mønster,
som gjer mykje av seg.

Garn: Alpaca Storm, Vikinggarn
Pinner: 3,5
Bestemorgutten (6 år) har valgt fargane sjølv,
Han må ha eit godt auga for farger,
for dette vart fint saman.

fredag 28. august 2020

Klompelompe til ein liten prins

Eg kjøpte heim garn,
nok til Albert jakke og bukse...
Prinsens mor ville ikkje ha blåfarger,
så mitt valg vart mint (eller nokon sånt)
Å strikke bolen til Albertjakken gjekk heilt fint,
men når armane skulle strikkast på pinne 4,
vart det alt anna enn fint.
                                                    Eg rekte opp nokre gonger,

                                  og kom tilslutt fram til at eg måtte bruke mindre pinner,

                                                   Armane er strikka på pinne 3,5

Resultatet vart brukande til slutt
                        Eg ville ikkje starte på Albertbuksa, som og skulle strikkast på pinne 4,

                                                       og valgte meg David jakken. 


Ei Gromguttbukse vart det og nok garn til

                                                                   og tilslutt ei pilotlue

eg kunne nok fått eit par sokker av restane,
men var heilt klar for andre ting...
                                       alt har no vore på ei lang reise ut i den store verden.

                                         Mottaker vart fornøgd med både plagg og farge

onsdag 19. august 2020

Elmer ullbukse

For ei tid tilbake,
kjøpte eg garn til ein Elmer genser,
fordi eg kunne bruke mønstreret til eit anna prosjekt.
Genseren vart aldri strikka den gongen.
Garnet låg nå klar,
då ein av bestemorguttane hadde behov for ny ullbukse.
Elmer bukse, eit Vikinggarn design
                                                    Garn: Alpaca Fine, Vikinggarn

                                                                 Pinner 2,5 og 3

 Buksa er litt kort i livet, og litt smal i beina.
Bestemorgutten vart likevel så førnøyd,
at buksa måtte på med det same.

fredag 5. juli 2019

Genser og bukse med gravemaskin

 Bestemorgutten er ein liten arbeidsgutt
- maskiner og traktorer er tingen.
Genser og bukse med gravemaskiner er populært
 buksa fekk ein gravemaskin og to veisperringer bak
 og ein veisperring og to gravemaskiner framme
 mønsteret/ oppskrift til genseren 
har eg plukka litt her og der
eg har valgt å strikka i Silja garn 
som er slitesterkt  
- str 6 år
 bestemorgutten er nå klar for ein ny nordnorsk vinter

mandag 23. januar 2017

Litt til baby

Ei bestilling tikka inn tidleg i haust,
det var ynskje om litt til baby 0-3 mndr
og eg trong ikkje skunda meg...
- innimellom alle andre prosjekt,
har det blitt nokre småplagg
 - kjønn var ukjent,
men rett før eg var ferdig fekk eg vite det er ein gutt, 
så eg blanda inn bitte litt lyseblått - etter mottagers ynskje
 - har plukka litt her og der i forskjellige mønsterhefter
- har brukt babyull og pinner 2 og 2,5
- mottager 1, bestemor, vart veldig fornøgd,
håper mora til babyen og liker det ho får...

onsdag 3. februar 2016

Monsterbukser strikka av restegarn

når ein strikker monsterbukser/ullbukser
er det ein god mulighet 
til å få brukt opp noko restegarn.
 - i "skapet med det rare i"
fann eg ein del superwashgarn
fargesamanstninga 
blir etter fargane på restegarnet
 - bukse nr 2 er strikka i Rubin,
som eg også fann i resteskapet
- møsteret stod ein gong i  ukebladet"Familien"
eg har brukt pinner nr 4
- morsomme bukser,
og forholdvis enkle å strikke.

onsdag 22. januar 2014

- ikkje alt blir som ein hadde tenkt....

Når eg kjøpte garn til denne genseren,
var planen å strikke eit sett med bukse, hue og sokker.
Når mønster og størrelse ikkje passa saman (sjå forrige innlegg)
skrinla eg det prosjektet.
 I staden strikka eg ei anna bukse som eg visste hadde god fasong og passform
 - sokker med Voss mønster
 - sokker med Marius mønster
 - rekna med at garnet snart tok slutt
og gjekk over til einsfarga og sokker med striper..
 - jammen var det ikkje nok garn til nokre småsokker og...
sokker, bukser, genser er i ulike størrelser
men slik vart det denne gongen
- ei gåve som varer over fleire år...

tirsdag 1. oktober 2013

Litt større prosjekt på gang....

Ei dame kom til meg med 3-4 kg superwash garn.
Ho lurte på om eg kunne laga noko av garnet, 
og gje det vidare til nokon treng det...
Selvfølgeleg svara eg ja til det,
og med litt mønsterfarger frå eige lager, 
har det blitt litt utav posane som dama kom med:
.
- 4 stk marius gensere med rundt bærestykke
- ein 5. maruis genser er snart ferdig
 - ei ullbukse er ferdig
 - nr 2 er påbegynnt
 - innimellom har det blitt nokre småplagg..
- 2 par sokker i damestørrelse
 - eit par puslvanter til ungdom/dame
  - mange sokkepar i barnestørrelser
- har enno litt meir garn att,
så det vert nok eit sokkepar eller to til, før alt vert levert vidare.
Eg har valgt å gje alt til den forholdsvis nystarta ( i Rogaland) organisasjonen,
Dei hjelper og støtter alle, så sant dei har mulighet til det.
Eg er imponert over arbeidet dei har gjort og fått til på så kort tid.
.
Det blir med helsing frå to glade givarar, 
som håper at dette kan vera til nytte og gje varme, til den tinga passer til.

torsdag 28. mars 2013

Ribbestrikka tights/ullbukse

I Gjestal strikkedesign nr 127
fann eg oppskrifta til denne tightsen/ullbuksa.
Den første strikka eg med Silja garn
-  i nr to har eg brukt eit 2.sorteringsgarn som eg hadde liggjande
- eg har brukt pinner nr 2,5 og 3
- eit lettstrikka plagg, som er greitt å ha framfor fjernsynet,
eller når ein er mange i lag....