lørdag 16. mars 2019

Mønster etter Anna Biggi, Tana

Eg er stadig på jakt etter nye vottemønster,
og i den forbindelse så fekk eg tips 
av ei dame frå Tana,
om dette mønsteret
etter Anna (Olsen) Biggi, 
som budde i øvre Bonakas, Tana.
Vottane er ofte strikka med kvit bunnfarge.
 Dama som viste meg bilete av votter og hue med mønsteret,
snakka om at ho kunne tenkt seg klar blå bunnfarge,
så då måtte eg prøve det og
 når eg først var i gang,
så vart det huer i kvitt og blått og
 og sånn underveis,
så svirra ideane rundt i hovudet,
om mønsteret brukt på andre ting.
- mønsteret passa akkurat på eit par sokker
Eg har prøvd meg fram,
notert ned maskeantal osv
 og ville nok endra litt på fasong/størrelse
om eg skulle strikke meir av dette.
Garn Pt 5 sport - pinner 2,5 og 3

lørdag 9. mars 2019

Damevotter

Damevotter fra 
.
Før eg reiste på ferie,
la eg fram garn, pinner og mønster,
utan å lese gjennom oppskrifta først....
jaja, garnet var litt for tynnt,
så det vart barnevotter i plassen....
men det har eigentleg ikkje noko betydning,
denne gongen.
eg hadde med Frøya viking garn,
men vil nok heller satse på
 Peer Gynt el likn ei anna gong
- nok eit par votter er lagra i samlinga mi