Viser innlegg med etiketten votter 2024. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten votter 2024. Vis alle innlegg

søndag 14. juli 2024

Drifa votten, Island


I boka "Islandske votter"
fann eg oppskrift på desse vottane
det blir eit nytt par på votteveggen

                                             Vottane er forholdsvis enkle å strikka
                                             Eg har brukt Tynn Peer Gynt, Sandnesgarn
                                             og pinner nr 2,5 på heile votten

                                               på bileta ser det ut som om eg har strikka
                                                       i to ulike fargekombinasjoner

                                            bileta er tekne i sol og skygge, derfor ulike votter


fint med litt småstrikk innimellom større plagg

tirsdag 14. mai 2024

Kvenvotter

Opsskrift på kvenvotter er laga av Henriette Reiersen Olsen,
med utgangspunkt i Kväänivantthuut 
designet av Lisa Vangen, for Kvenungdommen
For å få rette farger, 
brukte eg det hadde i desse fargane,
 áhkko ullgarn, frå Stoorstålka, Sverige.
dette garnet tynt, og vottane kunne nok vore litt større.
pinner: 2,5
Nok eit par votter til votteveggen

søndag 12. mai 2024

Blir bedre kjent med villsaugarnet

Eg fekk i vinter tilsendt noko villgarn,
som eg skulle prøve ut.
Eg laga votter og fann nokre border eg kunne bruke,
og latvisk flette - for å teste ut kva eg fekk til
pulsvarmere/vanter vart det og
seinare fekk eg spørsmål om barnevotter.
Strikka først i anna garn, for å teste ut diagram, maskeantall, lengde osv
så skulle det bli votter i vaksen str,
med tilsvarande diagram som barnevotten.
alt nytt må strikkast fleire gonger,
før ein kan sei seg fornøgd
på desse vottane havna tommel på feil plass...
eg prøvde med kvit tommel og tommel med ruter,
vart ikkje fornøgd med noko av desse forslaga
eg såg for meg ei anna løysing,
og prøvestrikka med anna garn
vart meir fornøgd med denne utgaven

nå er det på tide å finne fram villsaugarnet
strikka som dei kvite og grå vottane,
med villsaugarn vart vottane noko lange

prøver igjen med kortare vrangbord
denne gongen seier eg meg fornøgd med størrelsen

to par pulsvanter vart det og..
villsaugarnet må ein "arbeide inn" i fingrane
det har etter kvart blitt lettare å bruke garnet,
og resultatet har blitt bedre
 

onsdag 8. mai 2024

Reindalvotten

Så vart det nok eit par votter til votteveggen.
og øverst i vottemønsterhaugen
låg Reindalvotten.
Når det gjeld garn,
valgte eg denne gongen
Dale Daletta, Dalegarn,
Pinner 2,5 og 3
tommelen vart litt smal,elles er passformen bra.
eit arbeid som var ok å ha med seg ute blant andre,
og fint å ta fram innimellom andre større arbeid.
 

lørdag 4. mai 2024

Kopi av gammel vott funne på Gilja

Før ei tid tilbake laga eg første paret av desse vottane.
No når eg går tilbake i notatene mine,
så ser eg at eg den gongen gjorde eg ikkje oppskrifta ferdig.
For å prøva ut oppskrifta og rette eventuelle feil,
så er det lettast å strikke eit par votter,
og følge oppskrifta nøye.
feil og mangler fann eg ...
no er desse retta opp,
og eigaren av gamle votten,
kan endeleg få si oppskrift.
eg har brukt garn frå lageret,
og valgte Dale Daletta,
og pinner nr 2,5
det er morro at eg blir spurt om slike prosjekt.

onsdag 1. mai 2024

Kopi av votter funne på Bøylefoss, Froland

Ei dame kom med eit par votter, 
funne i barndomsheimen, på Bøylefoss, Froland.
ho lurte på om eg kunne kopierer desse
Fargane rød, lilla og grøn - julevotter?
Eg har brukt Rauma finullgarn
pinner nr 3
oppskrift og diagram er notert ned
eit forholdsvis enkelt mønster å kopiere
 

torsdag 8. februar 2024

Kopi av 45 år gamal barnevott

Ei dame sende meg eit foto av ein barnevott,
som svigermora strikka for 45 år sidan,
med tanke på at eg skulle kopierer votten.
Dama ville så gjerne ha eit mønster, 
slik at votten kunne strikkast
til nye generasjoner.
Eg rekna meg fram, ut frå bildet,
og slik vart min variant av votten
str på desse vottane er 3/5 år
Ut frå antall masker,
valgte eg 3 tråds strikkegarn frå Rauma, 100 % ull
og pinner 3,5-
vottane fekk vera med på tur,
for fotografering,
ein fin vinterdag på Jæren

mandag 29. januar 2024

Den offisielle TIFF votten (Tromsø Internasjonale Film Festival)

Eg vart tipsa om desse vottane,
og som vanleg må eg jo bare ha dei og...
Norsk Husflid i Tromsø,
har strikkepakker for salg.
Mønsteret er ikkje i seg sjølv vanskelig,
men her vart mange masker mellom mønstermasker.
Eg tykkjer det viser lett på framsida,
når ein må tvinne trådane så ofte.
Innsida har meir mønster, og mindre tvinning.
Ein kan vel sei at min favoritt er innside vott.
Garn: 3 tråds ullgarn, Rauma
Pinner 2,5 og 3.
Ein skal aldri sei aldri,
men pr i dag,
 vert det nok ikkje fleire av dette slaget.
 

tirsdag 23. januar 2024

Uglevotter, Harry Potter

Heilt klart måtte det og bli eit par Uglevotter..
dette mønsteret var morro å strikke
Litt vanskelig å vite kva garn som passer,
når det i boka er oppgitt eit ukjent (engelsk?) garn 
og pinnestr som eg vanlegvis ikkje bruker
Ut frå maskeantall valgte eg pinne 2,5
og Frøya, Vikinggarn.
Strikka str small, og votten passa akkurat til mi hand
Boka inneheld fleire strikkeplagg med motiv frå Harry Potter
om det vert strikka fleire av meg,
ja, det får bare framtida vise.
Votteveggen blir utvida med nok eit par votter.