torsdag 8. februar 2024

Kopi av 45 år gamal barnevott

Ei dame sende meg eit foto av ein barnevott,
som svigermora strikka for 45 år sidan,
med tanke på at eg skulle kopierer votten.
Dama ville så gjerne ha eit mønster, 
slik at votten kunne strikkast
til nye generasjoner.
Eg rekna meg fram, ut frå bildet,
og slik vart min variant av votten
str på desse vottane er 3/5 år
Ut frå antall masker,
valgte eg 3 tråds strikkegarn frå Rauma, 100 % ull
og pinner 3,5-
vottane fekk vera med på tur,
for fotografering,
ein fin vinterdag på Jæren

2 kommentarer:

  1. Har du laga mønster, og vil du dele det på bloggen i tilfelle? Det kunne vært artig å strikke disse.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har for såvidt laga eit mønster, men kan ikkje dele det enno. Eigaren av votten har ein plan for mønsteret

      Slett