søndag 29. juli 2012

Genser med rundt bærestykke

Når dotterå ønska seg ein slik genser,
var det berre "å hiva seg rundt" og koma igang.
Det er lenge sidan eg har strikka til vaksne,
så eg rekna med å bruka litt tid,
men det gjekk mykje raskare enn forventa.
Mønsteret er frå Sandnes Garn.
Eg har brukt Smart garn og pinner nr 3,5.
Nå ligg genseren på vent. 
Snart skal han ut ei lang reise mot Nord Norge,
der han skal halde ein førskulelærar varm,
på kalde vinterdagar.