onsdag 23. september 2026

Tullflyvervotten

Frå kjente i Tana, fekk eg tilsendt heftet om Tullflyvervotten.

"Tullflyvervotten fra Unjárga/Nesseby", skreve av Vigdis Siri.

I heftet er det skreve om strikkehistorie i nordsamiske områder,

blant anna om vottebruken.

på spørsmål kvifor votten kallas Tullflyver,
er det ingen som kan svare på.
Fleire huska godt votten med mønsteret, 
og mannen som på 1920-30 talet solgte lodd på votten.
Det finns fleire historier om kor votten kom frå.
ei av historiene er frå 2. verdenskrig.
- ei ung jente fekk vottane som takk for maten
ho ga til fanger i ein "russeleir"
Ei anna historie er knytta til besøkande som kom til Varanger med båt.
kanskje var det pomorer 
(russisk og kan oversetjast med "folk som bur ved havet)
Ei tredje historieforteller at tullflyver-mønsteret
er knytta til ei slekt,
som på 1700 talet kom frå Tornedalen, Sverige,
til Talvik i Finnmark.
Denne slekta var knytta til gruvevirksomhet i Värmland og Tornedalen.
.
Først og fremst vart tullflyvermønsteret kjent gjennom Elle Piera.
Mannen som på begynnelsen av 1900 talet,
gjekk omkring i bygene og solgte lodd på votter med eit mønster,
som han i følge historia skal ha fått av si mormor.
I heftet er det mykje interessant å lesa,
om handarbeidstradisjoner aust i Finnmark.
Det er morro at det var meg kjenningane i Tana tenkte på,
då dei fann heftet i eit hus som skulle tømast.

tirsdag 22. september 2026

Usmann votter

Usmann votter
eit design frå Kari Hestnes,
Hillesvåg ullvarefabrikk.
Garn: Ask
Litt teljing og konsentrasjon
elles er vottane greie å strikke

Vottane flytter nå ut til den berømte votteveggen.
Morro å sjå nye votter 
blande seg med dei andre der ute.
- då var siste strikkepakke unnagjort..
- oppskrifter til fleire votter er det ikkje mangle på ennå. :D

Lag deg ein god kveld, der du er.
 

onsdag 16. september 2026

Xylitol mittens, Shetland

Xylitol mittens 
- siste strikkapakke som vart med heim frå Shetland.
Vottane er strikka med shetlandsull frå Jamieson&Smith.
Her må ein ha augene på mønster og arbeid heile tida,
det var fort gjort å strikke feil.
Strikka med 6 farger,
to og to om gongen.
Det vart mange tråder å feste.. 
Vottane passer til ei herrehand.
 

mandag 14. september 2026

Hammersland Handwarmers

Ein strikkepakke eg hadde med heim frå Shetland,
som vart liggjande på vent,
fordi eg sikkert hadde andre viktigare prosjekt på gang :D
Garn: Jamieson's  - shetland spindrift
som i dei fleste oppskriftene frå Shetland,
er det brukt mange farger,
- her 4.
Det vil sei at det blir alltid mykje restegarn.
Eg har mønster og garn eit vottepar til,
(som er så godt som ferdig :D )
etterpå skal eg setje saman det eg har,
til andre votter
Mønster og diagram er enkelt å lesa.
 Det er morro å bruke mønster/diagram,
frå andre land/kulturer.

torsdag 3. september 2026

Lotusvotter

Lotusvotter
design: Vivian As
Garn: Drops Lima
Vottane er letter å strikke,
med pinnestørrelse som eg liker å bruke.
Eg har ikkje brukt Drops sitt garn så mykje,
men dette var fint å strikke med.
Det er litt "løye" som vi seier på Jæren, eller rart,
det der med strikkepakker...
Her såg eg fort at det var mykje garn i posen,
Eg vog restane og fann ut at det skulle gå akkurat
med begge farger - til eit par nr 2.
Vel det vart bitte litt for lite med mønsterfargen,
- så par nr to fekk einsfarga tomler.
Under er garnet som var igjen,
etter to par votter...
- ikkje veit eg korleis ein rekner,
når ein lager strikkepakker...
Med 1 nøste til,
i botn eller mønsterfarge, kunne det blitt eit par nr 3.