Ein strikkepakke eg hadde med heim frå Shetland,
som vart liggjande på vent,
fordi eg sikkert hadde andre viktigare prosjekt på gang :D
Garn: Jamieson's - shetland spindrift
som i dei fleste oppskriftene frå Shetland,
er det brukt mange farger,
- her 4.
Det vil sei at det blir alltid mykje restegarn.
Eg har mønster og garn eit vottepar til,
(som er så godt som ferdig :D )
etterpå skal eg setje saman det eg har,
til andre votter
Mønster og diagram er enkelt å lesa.
Det er morro å bruke mønster/diagram,
frå andre land/kulturer.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar