tirsdag 31. desember 2013

Voss barnegenser

 Med nyinnkjøpt møsterhefte, dale babyull garn og pinner 2,5,
sette eg igang med ein genser i str 2 år,
- etter oppskrifta i dette heftet...
- ganske raskt såg eg at genseren blei altfor vid til ein 2 åring.
Eg målte og målte, reknar masker om og om igjen...
og kom tilslutt fram til at om eg skulle følgja oppskrifta,
ville genseren bli altfor vid i forhold til lengda....
Eg valgte å strikka vidare med maskeantallet til 2 år, 
men strikka lengden til ca 4 år, 
for å få eit nokolunde rett forhold mellom lengde og breidde.
Armane er etter oppskrifta til str 2 år, 
dei er og vide om ein går etter oppskrifta...
- vel her er resultatet..
- eg håper genseren vil bli fin, på ein 3-4 åring...

onsdag 18. desember 2013

Inspirasjon frå Finnmark 2

Etter den strikkeglade dama i Finnmark,
har eg fått bilete av ting som låg att etter henne.
- sokkar og votter som har vore mykje brukt...
Eg har teikna av mønsteret og strikka eit nytt par av kvart mønster.
Alt er strikka i Pt 5 sport på pinner nr 3
.
Først eit par barnesokkar,
med eit mønster som var lett å kopiere
- eg har kjøpt bunnfarger og funne mønsterfarger i restekorga....
 - nok eit par barnesokkar med eit mønster som er lett å kopiera
 - desse vottane er godt brukte og vaska mange gonger...
- somme stader var det litt vanskeleg å telja masker,
spesielt når eg berre hadde eit bilete å gå ut i frå...
 - dette mønsteret brukte eg i eit par herresokkar
- tilslutt eit par velbrukte vottar..
- her brukte eg litt tid på å finna rett maskeantall
og mønsteret rundt hjertene.
- det gjekk lettare når eg fekk alt ned på papiret,
 og arbeida meg ut frå midten

- noko som vart til eit nytt vottepar....

 - det kjem snart ein tredje og siste del med inspirasjon frå Finnmark,
 eg må berre læra meg ein ny strikketeknikk først......