tirsdag 28. februar 2023

3 x Marius til vaksne

Eit litt større prosjekt denne gongen.
Mariusgenser til 3 av mine.
Den første er strikka i Perfect, Sandnesgarn.
Dette er valgt fordi det tåler litt hardere vask,
og sokker var og eit ynskje.
Svart, grå og petrol
(petrol på biletet er nok litt lysare enn i verkeligheten)
til dei to neste
har eg valgt Smart, Sandnesgarn
Eit garn det er lenge sidan eg har brukt,
men som eg absolutt vil strikke meir av.
Svart, grå og petrol
koks, lys lilla og rosa
pinner 3 og 3,5
To av genserne er allerede i bruk,
den tredje blir nok og snart å sjå på sin eigar. 
Marius eit morro mønster å strikke,.
Genserne blir så ulike,
når ein varierer i fargevalget.

lørdag 11. februar 2023

Villmarksgenser til barn

Eg fann fram farger frå Smart-garn kassen,
Det røde garnet var det nok av
til størrelse 8 år.
Dei andre fargane er rester,
som er valgt fordi dei passa best saman med den røde fargen
Ein må jo ha litt garn av same farge til bunnfargen,
men elles er det ein fin måte å få brukt litt rester.
Pinner 3 og 3,5.
 

torsdag 2. februar 2023

Kurbitsvotter

Kurbitsvotter
har fått navnet en dekorativ malerkunst,
fra Dalarna, Sverige
som særpreges av fantasiplanter
med store blomsterbuketter og bladverk.
Eg har brukt Tumi, alpakka og ullgarn som bunnfarge
og rester av lamullgarn til mønsterfarger
(Raumagarn)
Det var morro å strikke vottane,
kjekt å sjå korleis vottane endra karakter,
når nye farger kom til.
Tommelen er liten i forhold til resten av votten.
Nok eit par, klar for votteveggen.