torsdag 21. november 2013

Inspirasjon frå Finnmark....

 I min søken etter nye strikkemønster,
har eg vore så heldig og få låne ein del ting,
etter ei strikkeglad dame i Finnmark.
Dama etterlot seg både mønster og ferdigstrikka, godt brukte ting.
Det første eg har prøvd meg på,
er Porsangervotten..
.
I 1983 vart det laga ei utstilling om Porsangervotten,
det kom inn så mange vottepar at det vart bestemt å registrera dei,
og seinare vart dette heftet laga av Porsanger Husflidslag.
 - det spesielle med votten er at alle brukte den,
både samer, kvener og nordmenn - både til kvardag og fest.
Desse mønstrene vart og brukt til sokker, belter,skallebånd og grener.
I heftet finn ein 42 forskjellige mønster border,
alle med navn på kven som har sendt inn/brukt mønsteret,
som på biletet under her
fleire vart intervjuet i forbinnelse med registreringa.
ei dame fortel bla.:
- mange av mønsterstripene har gått i arv frå generasjon til generasjon.
Dei fleste som strikker votter kan sjå på dei andre sine votter kor dei kjem frå,
enkelte legg og inn sitt eige vesle kjenneteikn på vottten.
Det skal ikkje vera for mykje rødt i mønsteret og trådene skal tvinnes fint på vrangsida.
Til damevotter skal det brukes små, fine mønster,
medan til menn kan ein bruka større mønster.
Dusken skal ha mykje rødt med innslag av litt blått,
snor tvinner ho av to røde og to blåe tråder.
Til bryllaup vart det benytta heilt snøkvitt garn.
- slik fortel dei alle om sin vott....
- spanande lesning.
.
- mønsteret på desse velbrukte vottane,
har eg ikkje strikka av enno.
 - eg har prøvd meg på fleire andre mønster
- damevotter med ei smal mønsterstripe
 - herrevotter med litt breiare mønsterstripe
- eg vart inspirert av dette,
 og har funne fram heilt andre fargar frå restekorga
 - som skal bli til eit par herresokker
- eit par damesokker er ferdig strikka
 - eit morosamt prosjekt som kan gje meg mange nye idear.
Eg kjenner på at eg treng litt meir trening,
for å få mønster og trådtvinning på vrangsida til å verta heilt fint....
- men øvelse gjer meister.....