onsdag 4. oktober 2017

Restegarnstrikk - minialpakka

Posen med garn som eg fekk ei dame,
har smått om senn blitt omtrent tom...
Restegarnet er blitt til små plagg,
som skal sendast vidare til nokon har litt mindre enn oss.
- etter damas ønske
genser str 2 år
 det minka godt i posen, 
og eg trudde det skulle blitt knapt med garn til genser nr to
og i str 2 år
 garnet varte og rakk,
prøvde meg først på et par babyvotter,
pinne 2,5
 tok fatt på eit par votter til 
same antall masker på pinne 3
 fortsatt så hadde eg litt garn til overs,
og strikka nok eit par små votter på pinne 3
 Av det garnet som var i posen
har det frå før blitt barnekjole
 damejakke
 pulsvarmere
 ein må sei at garnet er så godt som oppbrukt....
garnet som ei tid har vore "skap/skuffe/posegarn"
blir nå til god nytte for liten og stor....

mandag 2. oktober 2017

Jakke - holmenkollen mønster

Ei dame hadde begynt på ein jakke i eit anna mønster,
Ho fekk ikkje gjort det arbeidet ferdig,
og lurte på om eg kunne hjelpe...
Vi rekka opp alt det ho hadde gjort,
så her er det kun brukt opprekksgarn...
Mønsteret er frå Holmenkollen genser,
for å få nok garn, har eg miksa litt, 
men syns sjølv resultatet vart ganske så bra...
Knapper vil dama finne og sy i sjølv,
derfor alle sikkerhetsnålene....
 det var ein liten garnrest til overs,
som vart til eit par pulsvarmere.
Her har eg bare strikka i vei,
mønster og fasong vart til etterkvart
Garn: minialpakka 
(gjekk opp eit par str. då opprinnelig genser er strikka i Alpakka)
pinner: 2,5 og 3,5